Suveren siger i lagsmeisterskapen
Søstrene Evensen vann kvar sin klasse, to av dei med ny bestenotering.
Os Skyttarlag fekk gjennomført sitt årlege lagsmeisterskap før koronaviruset sendte alle innbyggarane i kvar sin retning.
Laget fortel om mykje god skyting. Søstrene Amalie (348) og Sofie (341) sette ny personleg rekord og vann kvar sin klasse (kl 3-5 og eldre junior).
Yngste søster Maren Evensen, som blei hordameister tidlegare i år, vann juniorklassen.
Her er alle lagmeisterane (15 meter) i Os i 2020:
Rekrutt: Tobias Mjåtvedt Eide
Eldre rekrutt: Adelheid Røttingen Møller
Junior: Maren Evensen
Eldre junior: Sofie Evensen
Nybyrjar, vaksen: Harald Alexander Stolt-Larsen
Kl 2: Loke Eide
Kl 3-5: Amalie Evensen
V55: Arvid Austefjord
V65: Oddvar Drange
V73: Reidar Dahle
Her kan du sjå alle resultata.
Amalie og Tobias Ausevoll Lyssand skulle seinare denne månaden til NM Luftrifle på Ørlandet. Dette stemnet er, som andre idrettsarrangement, avlyst, men blir kanskje gjennomført seinare i år.