Suveren i siste heimekamp
Damelaget vann 7-1 og ser ut til å ha sikra seg plass om kvalifisering til opprykk.
Søndag spelte damelaget til Os sesongens siste heimekamp.
Os gjekk opp i 5-0 før gjestane, Stord 2, skåra, og vann heile 7-1.
To 15-åringar, Guro og Tonje frå jentelaget, skåra 5 av måla.
Os - Stord 2 7-1 (2-0)
Målskårarar, Os: Guro Drange Veglo 3, Tonje Stamnes Lindbom 2, Kristine Moberg og Lillian Korneliussen.
– Vi kunne spelt betre, men sidan det sto litt på spel så blei vi litt oppjaga, meiner trenar Cato Moldskred.
– Dei blei litt daffe ei stund, så i pausen la eg om til 3-4-3, for å gje dei litt å bryna seg på.
Nesten sikra kvalifiseringsplass
Éin kamp står igjen før sesongen er over, den går borte mot botnlaget Bjørgum søndag.
Os må vinna kampen for å vera heilt trygge på 2. plass og kvalifisering om opprykk, for Bønes har heile fem kampar igjen og kan i teorien gå forbi Os.
Men då må dei blant anna slå ubesigra Sund på Sund sin heimebane.