Susanne Sundfør til Os
Kritikarroste Susanne Sundfør legg einaste konsert i Bergensregionen i haust til Oseana.
26. september kjem kritikarroste og spelemannsprisvinnar Susanne Sundfør til Os og Oseana.
- Susanne Sundfør er berre ei av dei mange dyktige artistane vi får vitjing av i haust, seier ein løyndomsfull arrangementssjef Berit Steen.
Konserten i Oseana vil vera den einaste haugesundsjenta held i Bergensregionen denne hausten.
- Det skal bli spennande å sjå og oppleve Sundfør i Oseanasalen, meiner Steen som allereie har lagt billettane ut for sal.
Årets komponist og ny plate
Sundfør har med seg fullt band til Os. Ho slepp i år albumet "The Silicone Veil". Singelen "White Foxes" har blitt godt motteken av musikkmeldarar, fans og bloggarar heile verda rundt.
Jenta som er fødd i 1986 i Haugesund debuterte i 2006 med singelen "Walls". Melodien var ei av dei mest spelte på radio året ho kom ut.
I 2011 blei artisten og låtskivaren heidra med spelemannsprisen som årets komponist.