Superladarane opnar snart
Tesla opnar 14 «superchargarar» ved Rema 1000. Gjer langdistansereiser i Sørvest-Noreg enklare, seier Tesla.
I slutten av juni blei eit område ved Rema 1000 Kuven Stasjon sperra av, og anleggsmaskiner kom på plass, men framleis var det ingen som ville stadfesta at det var Tesla som skulle byggje ladestasjonar.
28. juni blei det stadfesta, då 14 superladarar blei levert på plassen, som Hardanger Maskinstasjon AS frå Øystese hadde fått i oppdrag å klargjera.
– Innen onsdag opnar Tesla ein ny Supercharger-stasjon i Os, fortel Nora Wisløff Egenæs, Cummunications Associate i Tesla Noreg i ei pressemelding.
Muleggjer langdistansekøyring
Supercharger er verdast raskaste ladestasjon og gjer det mogleg med komfortable og effektive langturar med Model S og Model X.
– Supercharger-stasjonen i Os ligg ved Rema 1000 Kuven Stasjon og vil ha 14 ladeplassar. Den ligg praktisk til like ved E39 og gjer langdistansereiser i Sørvest-Noreg enno enklare.
– Saman med eksisterande Åsane Supercharger betyr det at reisande langs E39 har enkel tilgang på lademoglegheiter. Medrekna Os er det 48 Supercharger-stasjoner i Noreg, med tilsaman 542 ladeplassar, fortel Wisløff Egenæs.
Oppdatert: Midtsiden skreiv først at superchargarane skulle opna i dag, måndag, basert på pressemeldinga frå Tesla. Måndag kveld får vi opplyst at det drøyar litt før dei opnar. Innan onsdag reknar Tesla med å kunne opne dei etter å ha gjort dei siste testane og litt småarbeid som står att på området.
Fakta om Tesla Supercharger
- Tesla leverer elbiler med opptil 632 km rekkevidde (NEDC). Den daglige ladingen skjer der bilen sover, og dekker kjørebehovet i hverdagen.
- Supercharger-nettverket er laget for langdistansereiser, og stasjonene plasseres langs viktige reiseruter for enkel og effektiv lading.
- En Tesla Supercharger gir opptil 270 km rekkevidde på 30 minutter. Dette er omtrent dobbelt så raskt som Chademo (50 kW).
- Eieren får automatisk beskjed på smarttelefonen sin når bilen har ladet nok til å fortsette reisen.
- Hele 87 % av Tesla-eiere har brukt elbilen på ferietur med minst en overnatting, viser en undersøkelse fra Elbilforeningen. Blant elbilister generelt sier 31 % det samme.