Lokal | 06. sep. 2015

Super seinsommar i Os!

No ventar ei veke med 18 gradar og sol.

Super seinsommar i Os!
Bilde frå Os hamn 23. august. No kjem fleire fine seinsommardagar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 06. sep. 2015 08:43

Etter knallvêr ei veke etter skulestart kjem det no endå meir sommar til Vestlandet og Os.

Den skuffande julimånaden blir følgt opp med ei varm og solrik veke i september, Yr og Storm er einige om at finvêret ser ut til å vara til og med søndag om ei veke.

Ingen av dei melder «ekte» sommarvarme, altså 20 gradar, men temperaturen er venta å stiga frå 14 gradar i dag til 16 måndag og 18 tysdag.

Vinden er venta å løya frå 5 m/s søndag og måndag til 0-3 m/s frå tysdag kveld og utover i veka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.