Sundquist til Sælen Møbler
Treng statistar: I neste veke skal ein spelefilm basert på ei historie av Frode Grytten filmast på Sælen Møbler. Vil du koma på lerretet saman med Bjørn Sundquist?
![Sundquist til Sælen Møbler](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/78eb826de9461da19ecb145987e258e7183e1546-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Delar av Gunnar Vikenes sin nye film, Her er Harold, skal spelast inn i Os, nærmare bestemt hos Sælen Møbler på Søfteland.
– Møbelforretninga passar veldig bra i forhold til historia og ligg praktisk til nær Bergen, seier koordinator i Mer film AS, Kathrine Liisberg Aune til Midtsiden.
– Vi takka naturlegvis ja, dette blir spennande, trur Arild Sælen fra Sælen Møbler.
Han legg til at butikken held open under innspelinga, som varer heile neste veke, bortsett frå om torsdagen, i tillegg skal det vera innspeling måndag i veka etter.
Treng statistar
Filmen, som har Bjørn Sundquist i hovudrolla, er ein fandenivoldsk komedie om den fallerte møbelhandlaren Harold Lunde, som reiser til Sverige for å kidnappa IKEA-gründer Ingvar Kamprad.
Manuset er basert på ei av forteljingane i Frode Grytten si bok, Saganatt (2011).
– Vi treng to statistar til opptaka i Os, og det kan gjerne vera lokale folk, seier Aune.
Selskapet er i hovudsak på jakt etter to vaksne, ei kvinne og ein mann, på mellom 30 og 60 år.
Er du interessert kan du kontakta Aune på epost kittaune@gmail.com.
Ombygging og action
Sælen Møbler er godt førebudd på opptaka.
– Det har vore folk her og sett opp veggar og skifta lysrør. Vi har no fullt dagslys inne i butikken, ler Arild.
Han håper kundane er tålmodige under innspelinga.
– Det skal visst bli ein del action under delar av opptaka, så det blir nokre større omveltningar i butikken, fortel han.