Styrker stallen
Lysekloster styrker stallen med tidlegare tippeligaspelar. Joshua Philip Pritchard klar mot Florø.
Engelske Joshua Philip Pritchard er klar for Lysekloster. Pritchard er fødd og oppvaksen i Stockport, nær Manchester og var frå han var seks til seksten ein del av den aldersbestemte fotballen i Manchester United.
I 2013-sesongen var han på utlån frå Fullham til Tromsø. Han var ønska med vidare, men valde heller å returnere til England.
– Han har trent med oss i fleire veker. Han er veldig god med ball, har eit godt driv og ein utsøkt pasningsfot. I tillegg har han eit godt skot.
– Han manglar framleis litt på det fysiske, så det driv vi å jobbar med. Han er ein veldig spennande type meg god fotballforståelse, fortel Thomas Sandal.
Pritchard har skreve kontrakt med Lysekloster ut sesongen og er klar for kampen mellom Florø og Lysekloster 23. mai.
– Korleis kom de i kontakt med han?
– Vi har alltid følarar ute og forhører oss med bekjente både i Noreg og utlandet. Det var via slike kanaler vi fekk kontakt med han.
Slit med skader
Sandal fortel at Lysekloster slit med skader på fleire spelarar.
– Vi hadde ein tynn stall i utgangspunktet. Med alle skadene vi har fått, så er vi berre nøydd til å freiste å få inn folk.
– Er det fleire på gang?
– Det er ingen på gang no, men vi held oss orientert heile vegen og har øyre og augne opne, så får vi sjå utover sesongen.
Gode mulegheiter for poeng
Laget til laurdagens heimekamp mot Nest-Sotra er førebels ikkje tatt ut.
– Vi må ta ei lita oppteljing på trening i dag før vi tek ut laget.
– Kva ventar du av kampen?
– Vi møter kanskje den største opprykksfavoritten, men vi er på heimebane. Det blir nok ein ny tett og jamn kamp.
– Vi skal gå utpå der og prøve å styra kampen slik vi alltid prøver. Vi må prøve å ta poeng, det treng vi. Eg er optimistisk før møtet med Nest-Sotra, avslutter Sandal.