Lokal | 01. feb. 2016

Styrker lesing og rekning i barneskulane

Kommunen nyttar 2 millionar kroner for å styrka oppfølginga av elevar i 2. og 3. trinnet som ligg etter i lesing og skriving.

Styrker lesing og rekning i barneskulane
Nore Neset Barneskule får styrka pedagogressursane på 2. og 3. trinnet tilsvarande 14 timer i veka (arkivfoto: AH)
Andris Hamremåndag 01. feb. 2016 13:40

I budsjetthandsaminga i desember løyvde fleirtalet 2,3 millionar kroner i «friske» pengar til prosjekt betre læringsresultat. I framlegget til vedtak såg fleirtalet mellomanna for seg at kommunen skulle oppretta eit meistringsteam/kompetanseteam også på barnetrinnet, men overlot til styringsgruppa i prosjektet å ta den endelege avgjera.

– Administrasjonen har mellomanna henta inn synspunkt frå rektorane på korleis dei meiner ein best kan nytta desse midla.

– Tilbakemeldingane er samla og tydelege på at dei må komma ut i skulane, basert å antal klasser. Sjølv om vi skisserte ei løysing med eit team, så trur eg dette kan bli veldig bra. Rektorane har vore tydelege på at innsatsen må komma ute i skulane og at det hjelper mest å bruke pengane der elevane er. Det har vi ei einstemmig styringsgruppa akseptert og gitt tilsluting til, seier Eirik André Hesthamar (Frp), leiar av styringsgruppa for prosjekt betre læringsresultat.

Tilsvarar tre nye pedagogstillingar

Dei to millionane er nok til å oppretta nye pedagogstillingar i barneskulene tilsvarande tre stillinger.

– Det blir ikkje tre nye stillinger, men ei fordeling på dei forskjellige skulene, basert på elevtal og klasser.

– Ein skal ikkje bruke disse midla til vikartimar og liknande, men til ei reell styrking av tilbodet for elevane på 2. trinnet, og forhåpentlegvis også for nokre elevar på 3. trinnet. Dette er ei oppfølging av det vi i prosjektet heile tida har vore opptekne av, nemleg tidleg innsats.

– Tidlegare har vi løyvd midler til fleire hender i 1. trinnet, no styrkar vi det ytterlegare med å retta innsats også mot dei som har noko svakara dugleik i lesing og rekning på 2. trinnet, forklarar Hesthamar.

Opprettar psykologstilling

I tillegg til å styrka pedagogressursane går oppvekst- og kulturområdet inn med 300 000 kroner i eit fellesprosjekt med helse-, omsorg og beredskap for å oppretta ei ny psykologstilling.

«Som ledd i det heilskaplege arbeidet i prosjekt BLR, vil ein gå inn for å delfinansiere ei psykologstilling som vert organisert under Helse, nærare bestemt i Ressursteamet Tidlig inn. Barn si positive utvikling (på fleire områder) er avhengig av at dei opplever gjensidigheit og anerkjenning i sine næraste relasjonar.

Å tidleg avdekke og ta tak i ei eventuell skeivutvikling hos eit barn eller eit vanskeleg samspel i ein familie, er derfor førebyggande på fleire nivå og områder. Denne utviklingspsykologiske kunnskapen dannar bakteppet for prioritering av desse prosjektmidlane. Stillinga er primært tenkt knytt opp mot foreldrerettleiing på lavterskelnivå, og som ei vidareføring av/supplement til DUÅ- satsinga i barnehagane.», heiter det i innstillinga frå administrasjonen.

– Dette er ein spennande og god løysing. Det tenkast og jobbast godt på tvers av einingane. Det er ein veldig god energi om prosjektet kor alle frå ytterst i tenesteapparatet til vi på politisk nivå ønskjer å få ting til. Det er utruleg inspirerande, avsluttar Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.