Styrke og hudpleie i ny salong
Zsofia Szekely har kjempa mot Os fleire gongar. I dag opnar den tidlegare handballkeeperen til Jotun helse- og pleiesalong i Irisgården.
I januar fortalte Marietta Kiss, som frå før driv Beauty and the City i Bergen, at ho har signert leigekontrakt for 120 kvadratmeter i Irisgården, i ettermiddag er det opning.
– No er det nesten berre resepsjonen igjen. Vi håper å bli ferdige til klokka 14, seier Zsofia Szekely.
Beauty and the City avdeling Os har tre behandlingsrom, resepsjon, pauserom for tilsette og eit romsleg venterom.
Hudpleie, negledesign, vaksing og permanent makeup står på menyen - men ikkje alt handlar om utsjånad ved den nye klinikken.
Kom til Noreg for å spela handball
Mens Marietta, som bur i Os, har spesialisert seg på medisinsk hudpleie og vore faglærar i hudpleie i Budapest, var det Zsofia som kom til Noreg først. I 2010 blei ho henta til Årdal for å styrka stallen til satsingslaget Jotun.
Som ungdom spelte ho på øvste nivå i Ungarn, i Noreg vakta ho målet til Jotun i 1. divisjon og i 2. divisjon, der Jotun spelte mot Os.
– Eg bur framleis i Årdal, der eg har fast jobb i turnus. I starten vil eg pendla til Os i friperiodane mine, fortel Zsofia.
Ho og familien kjenner Marietta godt.
– Etter at søstera mi var på besøk og reiste heim og fortalte Marietta om Noreg, flytta ho opp her med sin familie. Marietta var hudpleiaren min i Budapest, og vi har halde kontakten heile tida.
Effektiv styrketrening på 20 minutt
Sjølv om Zsofia i utgangspunktet var kunde, har ho etterkvart kome inn i bransjen, først som negledesigner og seinare innan styrketrening.
– Både som handballspelar og seinare, når eg har drive med fitness og styrke, har dette interessert med stadig meir.
Ved klinikken på Os er det investert i fleire kostbare maskiner og apparat, frå massasjemaskin som sørgjer for lymfedrenasje til lipo-laser. Noko Beauty and the City ifølgje Zsofia er åleine om i Noreg, er E-fit.
«The future of EMS» skriv e-fit på si internasjonale heimeside.
– Dette er eit avansert system utvikla i Ungarn, der elektrodar sørgjer for auka stimuli av muskelcellene mens du trener. Med vest, bukse, armband og band rundt leggane er 12 muskelgrupper aktiverte.
Zsofia har sjølv vore heime i Ungarn for å kjøpa maskina og for å kursa seg i bruken av denne.
– Systemet har ulike program, anten du vil bygga musklar og styrke, redusera kroppsvekta eller berre stramma litt opp. Med E-fit får du ei effektiv treningsøkt på kort tid.
Marietta og Zsofia er saman om klinikken på Os, og er no spente på kva område som er mest interessante for osingane.
– Vi har ulike fagfelt, men det er òg maskiner som vi begge kan styra. Opningstider og timelister blir styrt etter respons og etter kven av oss som er på vakt dei ulike vekedagane.