Strileoppgjer snudd på hovudet
Os var overlegne før pause, men Sotra knakk koden og fekk best utteljing.
Os gjekk på sitt fjerde tap på rad då dei i dag spelte mot tabelltoaren frå i fjor, laget som dei i haust slo 5-2 i den avgjerande serieavsluttinga der Os berga plassen.
Den gong feira Christoffer Hafsås i bar overkropp, i dag sat han i bar overkropp og smurde seg inn med sololje, skadd, på sidelinja med ein annan angrepsspelar, Enrique Crespo Søvik.
Ny, offensiv vri
I deira fråvær, og med den nye midtstopparen Biko Brennan tilbake frå skade, prøvde Hassan El Fakiri seg på ein ny vri; med Divaldo Cardoso på topp saman med Marius Mikkelsen.
Det gjekk berre nesten bra. Den raske og sterke midtstopparen har skåra fleire mål denne sesongen, men i dag fekk han ikkje stokka beina godt nok.
Knut Spangelo Haga var sjuk, men der har Os Glenn Krossøy som godt alternativ. Torkel Hjertnes var, då Brenne spelte frå start, flytta fram som indreløpar.
Os - Sotra 1-3 (1-1)
Målskårar, Os: Marius Mikkelsen
Os: Andrew Todd - Endre Brenne (Steffen Ljosheim 62.), Ole Martin Kolskogen (Simon Søvik 80.), Biko Brennan, Glenn Krossøy - Torkel Hjertnes (Thomas Fosen 74.), Rafael Villén, Torgeir Lunde, Erik Kanestrøm (Anders Havsgård 87.) - Marius Mikkelsen og Divaldo Cardoso.
Dagens beste Os-spelar (kåra av lokal jury): Torkel Hjertnes
Best før pause
Gjestane var frampå i opningsminutta, men allereie 2-3 minutt ut i kampen fekk Os kontroll, sto høgt, trilla ballen raskt og kom til innlegg frå begge kantane. Os hadde tre avsluttingar på mål i løpet av dei første 8 minutta, og større sjansar skulle koma.
– Vi visste korleis Os speler, men dei er likevel vanskelege å hindra, synest Sotra-trenar Tommy Knarvik.
Men det var gjestane som skåra først. Ei kontring blei til corner, og etter corner av gjestane var dei tålmodige og smarte på tvers av Os sin 16-meter. Eit hælspark og ballen låg hos Bendik Kristoffersen, som utnytta at Todd si utsikt var sperra og sette ballen i nota i 18. minutt.
Os mista ikkje motet, heldt fram med sjanseproduksjon, ba om straffe etter at Cardoso blei fysisk hindra utlikning i 25. minutt, og var nær skåring få sekund etter, men då var det offside.
– Det er forvilande å nok ein gpng få så dårleg utteljing, synest Hassan El Fakiri.
Så, på eit innlegg av Brenne i 31. minutt, fekk Mikkelsen utlikna. Laga gjekk til pause på stillinga 1-1.
Sotra overtok
Som mot Varegg starta Os andreomgangen best. Sotra pressa rett nok dei første fire minutta, men så hadde Os ein liten serie av sjansar, blant anna med skot av Mikkelsen på skrått hald, som blei blokkert, og av Villén, som gjekk utanfor.
Men i 55. minutt kom Sotra med ei frekk skåring, frå skrått hald, nærmast som ein lang chip av rutinerte Arve Walde over Todd og så vidt under tverrliggar. I same speleminutt fekk Brenne, etter ein duell på Sotra sin banehalvdel, det gule kortet han var nær på å få i andre speleminutt.
Os skapte sjansar også i andre periodar av omgangen, og i sluttminutta, men Sotra var spelemessig betre enn i første omgang.
– Eg føler dette er ein heilt open kamp, der Os lett kunne ha skåra fleire mål, og der vi har kvar vår omgang. I pausen så snakka vi litt om å tetta nokre av lukene Os brukte mykje, blant anna mellom kant og indreløpar på den eine sida. Det lykkast vi med, seier Knarvik.
I ein periode der Os var oppe med nokre halvgode forsøk på utlikning, blant anna på eit par innlegg av Krossøy som Mikkelsen nesten nikka i mål, kom eit brot der Walde fekk springa langt og åleine mot Todd. Det enda med skåring, 1-3 i 85. minutt av innbytar Stian Langeland.
– Å slå Os på Kuventræ er eg veldig nøgd med, spesielt då dei opna så godt og med tanke på at vi omtrent har eit heilt nytt lag i forhold til i fjor. Vi held på å bygga oss opp igjen, og har mange gode, unge spelarar som i dag fekk det bra til, seier Sotra-trenaren.
Møter botnlag i neste runde
Samtidig blei det nok eit frustrerande resultat for Os, som både slepp inn for mykje mål og som slit med å skåra på ein ganske god sjanseproduksjon.
Sotra toppar no tabellen, før Lysekloster har spelt mot Herd (heime i morgon frå kl 17). Os ligg på 9. plass.
Os sin neste kamp går borte mot Førde laurdag om ei veke. Førde ligg på 13. og nest siste plass.