Strid om fjerning av havarert båt
Eigar skuldar på brannvesenet, og seier dei må lensa «Vidunderet», så skal han koma og taua den vekk.
For to veker sidan gjekk «Vidunderet» under vatn, til kai på Halhjem.
• Les òg: «Vidunderet» heng etter to hyssingar
Os brannvesen har lagt ut lense rundt båten, for å hindra forureining, og Os kommune har sendt pålegg om fjerning av båten, som framleis heng i stroppene på Statens vegvesen sin gjestekai på Halhjem.
– Kunne vore unngått
«Fartøyet 'M/S Vidunderet' bes fjerna straks. Om dette ikkje blir utført kan den ansvarlige påleggas å dekke rimelige utgifter som noen har hatt til fjerning eller opprydding jf. hfl § 36.
Dette vedtak kan følgjast opp med forelegg som kan få verknad som rettskraftig dom eller tvangsmulkt» skriv Os kommune i varselet.
Eigar, Jan Åge Håvik, har sendt eit kort svar:
«Hadde brannvesen i os lenset båten da jeg sa det hadde det ikkje vært problem og fjærnet båten».
Håvik har òg kontakta Midtsiden for å forklara kva han meiner brannvesenet kunne gjort betre.
– Dei ringte meg før båten gjekk ned og sa at den tok inn vatn. Eg bur på Stord, og ba dei lensa den. Det ville dei ikkje, viss ikkje eg møtte opp.
– Er det sånn at, om huset ditt brenn, så må du vera heima for at dei skal gidda å sløkka? Når eg les at dei lensa ein annan båt som låg der tidlegare, «Seibuen», i månadsvis, kunne dei i det minste ha hindra båten min i å gå ned.
– Om brannvesenet lensar båten skal eg koma og taua den vekk.
– Vi sto på kaien og venta
Hos Os brannvesen har dei ein annan versjon av dialogen mellom partane.
– Vi fortalte at vi stiller med lenseutstyr når eigar kom og hadde med seg kranbil for berging. Han sa han var på veg, at han sto på Sandvikvåg, og vi venta, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.
Eigar dukka aldri opp.
– Seinare har det både vore vanskeleg å få tak i han. Vi opplever elles at båteigarar møter med éin gong, om båten deira er i fare. Om det er båteigarar som gir blaffen, og dei ser det ut til å vera ein del av, så blir det plutseleg andre sitt problem. Då vi byrja å lensa «Seibuen» så såg vi jo korleis det gjekk, det gjekk både veker og månadar før båten blei fjerna, og ikkje av opprinneleg eigar, seier Storebø.
Varabrannsjef Arne Monsen legg til at saka i utgangspunktet er eit forhold mellom båteigar og grunneigar, altså Statens vegvesen.
– Brannvesenet har ansvar for å bistå når det er snakk om akutt forureining.
Os kommune har likevel heimel til å krevja båten fjerna:
«Ingen må i farvatn etterlate fartøy slik at det kan oppstå fare, skade eller ulempe for framkommeligheten i farvatnet eller i havnen. Myndigheitene kan etter havne- og farvannslova § 34 pålegge tiltak innan ein gitt frist.»
Båten hang i to stropper, no heng den i éin. Det er to veker sidan den gjekk ned.