Strandryddeveka: 270 deltakarar - men framleis ledige område
Frå laurdag 11. til søndag 19. september går frivillige, skuleklassar, barnehagar, bygdelag og organisasjonar saman om å rydde strandsona i Bjørnafjorden.
Strandryddeveka er i gang, frå laurdag 11. til søndag 19. september er fleire elevar og frivillige i gang med å rydda forskjellige strandsoner i Bjørnafjorden kommune.
Os Rotary Klubb og Fusa Lions Klubb er blandt dei som er med å organisera ryddinga, og dei har på førehand vore på tokt for å dela den 355 kilometer lange strandsona vår inn i sonar.
– Vi har ti skuleklassar som er påmeldt. Det utgjer omtrent 270 elevar, seier Øyvind Tøsdal frå Os Rotary Klubb.
– Men vi har dessverre ikkje folk i sving i alle sonene, så dei som vil kan kasta seg på no før helga. Lekvenvågen og Moldafjero er til dømes ledige område, så her er det berre å melda seg om du vil rydda, seier Tøsdal.
Strandryddeveka er ein del av Hold Noreg reint-aksjonen, som er ein ideell organisasjon som arbeider mot forsøpling.
Tydeleg rapport
Ifølgje rapporten som Os Rotary Klubb har laga, etter å ha vore på befaring i båt rundt om kring i Bjørnafjorden, så er det nokre ting som går igjen.
Plast, isopor og tau har hopa seg opp fleire stadar.
Men nokre stadar skil seg ut med tyngre avfall som båtvrak og rustne oljefat.
I Eidsvika sør og nord er det registrert mykje boss og mykje plast.