Strålande vêr, men utrygg is
Nydeleg vêr i helga, men ikkje la deg friste til å gå ut på islagte vatn. – Det er ingen av vatna som er trygge, seier brannvesenet.
Etter fleire dagar med fint og kaldt vêr har isen lagt seg på fleire vatn rundt i Osbygda, men framleis er den for tynn til at den er trygg å gå på.
– Vi er faktisk på veg ut no for å setta opp skilt om at isen ikkje er trygg, fortel Gitle Smaadal i Os brann- og redningsvesen.
Må vera 15 cm
Før brannvesenet godkjenner eit vatn som trygt må isen vera minst 15 cm.
– Før vi seier at isen er farbar, så skal vi ha må 90% av vatnet ha minst 15 cm tjukk is. Det er det ingen av vatna i Os som har no. Sjølv når vi har godkjent vatn, så må folk hugse på at dei ferdast på eige ansvar, poengterer Smaadal.
Desse vatna blir målt av brannvesenet
- Lekvenvatnet
- Tveitavatnet nedenfor Hegglandsdalen skule
- Ulvenvatnet sør ved Moberg
- Ulvenvatnet nord ved Sigurdsvikjo
- Gåssandkilen
- Langevatnet på Drange
- Strønevatnet
- Banktjørna
Sol til og med tysdag
Vêrmeldingane for helga og den kommande veka ser bra ut. Laurdag og søndag vil det halde seg kaldt med 2-3 kuldegrader før temperaturen stig opp i sju varmegradar frå måndag av. Sol vil det vera fram til og med tysdag før det skyar litt meir til frå onsdag, men framleis vil det vera opphald.
Har køyrd snøkanonane
Skianlegga både på Kvamsskogen og på Voss har gledd seg over kuldeperioden og latt snøkanonane for full maskin.
– Vi har fått lagt ein god del kunstsnø øvst i Seterløypen, samt utbetra heistraseen. Vi avsluttar snøproduksjonen no og opner Setertrekket i løpet av formiddagen, skriv Eikedalen på heimesida si. Dei vil helda fram med snøproduksjon i løypene ved Tvillingtrekka gjennom heile helga, men trekka vil vera opne. Kun Stolheisen og Fjellheisen er stengd.
Men har du tenkt deg på ski må du hugsa at FV 137 gjennom Hegglandsdalen og Samnanger er stengd ved Rolsvågbrua fram til 12. februar klokka 23.59.