Strålande Strøne-marsj
Bildeserie: Årets Strøne-marsj gjekk av stabelen sist fredag i flott haustvêr og samla inn over 8000 kroner.
Årets Strøne-marsj gjekk av stabelen sist fredag i flott haustver. Born og vaksne strålte om kapp med sola ute i mars-løypa. Etterpå samla små og store seg rundt kafèborda på skulen der dei kunne meska seg med heimebakte kaker.
Nokon stilte også opp med salsbod og selde smykker til dei frammøtte. Tradisjonen tru vart det trekning av pokalvinnarar på startnummer før ein gjekk kvar til sitt.
Totalt vart det samla inn 8.810 kr under arrangementet som vart gitt til årets tv-aksjon.
Frivilligsentralen, som har stått i spissen gjennomføringa av tv-aksjonen i Os var tilstades under Strønemarsjen, og var representert ved Tove Hille og Stine KObbeltveit.
Dei takka alle dei frammøtte for bidrag og oppmøtet.
Les òg: – Fantastisk dugnadsdag