Strålande stemne trass surt vêr
Stor bildeserie: 39 friidrettsstjerner frå fire av klubbane i bygda trassa det kalde og våte vårvêret og sette kvarandre i stemne på Friplassen måndag.
Friidrettsmiljøet i Osbygda har utan tvil fått ei oppblomstring etter opprustinga av Os Idrettspark Kuventræ.
Av stor betydning er òg den litt mindre, men om lag like nye arenaen Friplassen ved Søfteland skule.
Måndag inviterte Søfteland TIL til seriestevne på 200 meter, 600 meter kappgang og lengde.
39 deltakarar frå arrangørklubben, Os Turn, Lysekloster IL og Nore Neset IL gjennomførte heile 73 enkeltstartar i løpet av timane stevnet varte.
– Det var litt surt vêr, men mange glade ansikter og 39 deltakarar i tillegg til mange foreldre, fortel Nina Roos Andersen i arrangørklubben.
Mange sterke prestasjoner
Arrangøren er imponert over resultata blant dei unge friidrettsutøvarane i alderen 8 til 16 år.
– Mange presterte gode resultat.
– Eg vil trekka fram 16 år gamle Sofie Olsvold Hausberg frå Os Turn som hoppa 4,55 meter i lengde og 11 år gamle Nora Wiik Søreide som gjekk 600 meter kappgang på 3.30.5.