Strålande om Os i dag
Med 144 sider og 144 bilde slepp Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde i dag boka «Strålende OS».
Sjølv om dei har lang fartstid som fotografar er det neste utelukkande ferske bilde i boka «Strålende OS».
- For det første ville vi visa Os i dag, for det andre er kvaliteten på bilda betre no enn før. Utstyret har blitt bedre, og vi held kanskje fram med å utvikla oss og, seier Oddmund Lunde med eit smil.
Saman med sambuaren og Liv-Randi Lind gjev han ut si tredje bok, «Strålende OS» er ei bok med bilde og tekst om Os-bygda, frå idrett og kultur til natur og dyreliv.
- Vi var litt redde for at det skulle blir for mange naturbilde i boka, så vi har lagt vekt på å få med ein del folk, og bilde frå aktivitetar i Os. Lysekloster, for eksempel, som det har blitt tatt bilde av i mange år, fanga vi på ei 17. mai-feiring. Slik klosterruinane blir brukt i dag, fortel Oddmund, som sjølv står for tekstane i boka.
Funnen på museum
Liv-Randi og Oddmund møtte kvarande på møte i Bergen med Biofoto, ei foreining av og for naturfotografar.
- Møtet var på Naturhistorisk Museum, så han spøkar med at eg fann han på museum, seier Liv-Randi.
Sidan har dei to vore eit par, dei siste åra busett på Riddarhaugen nær Lepsøy. Dei jobbar som frilansfotografar, men dette året har mesteparten av tida gått med til produksjon av ein dokumentarfilm for NRK, og til arbeid med boka.
På eige forlag
Boka er trykt opp i 2000 eksmeplarar og blir gjeve ut på eige forlag. Til layout har dei fått god hjelp av Åse Huus, som er lektor og underviser i design på Høgskolen i Bergen.
- Huus har også tatt oppdrag for andre forlag, og sto for arbeidet med våre tidlegare bøker. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid og er verkeleg nøgd med resultatet.
Ideen om ei bok som viser Os i dag har lagt der lenge. I starten av 2009 bestemte paret seg for å setja i gong.
Før dei byrja å jobba med boka spurte dei bokhandlaren Libris om dette var noko dei hadde tru på.
- Svaret var at dei trudde dette var eit sakn. Dei hadde til og med selt Os-soga til turistar frå Japan i mangel på noko som viser Os i dag, gjerne illustrert med oppdaterte bilde.
Sjølv om boka utvilsamt har turist-appell, har ikkje forfattarane tatt på seg kostnaden med også å få engelsk tekst i den.
Sundag 13. september blei forsidebildet tatt, «sidan har vi ikkje sett Folgefonna», seier Lind. Tilfeldigvis blei det slik at boka både har 144 sider og 144 bilde.
- Vi skulle telja over bilda, etter at boka var ferdig, då vi oppdaga det litt morosame slumpetreffet.
Betre kjent med Os
Vi finn flyfoto, naturbilde og bilde av grågås, tiur-leik, revunge og kjøttmeis i boka. Ikkje alltid vil fotografane fortelja kvar bilda er tatt, enkelte artar kan få fred.
- Vi er mykje ute i naturen, og legg gjerne ut mat medan vi overnattar i telt eller gapahuk for så å stå tidleg opp i håp om eksklusivt selskap. Men nokre bilde er også resultat av litt flaks, som møtet med huggormen og alle ekorn-ungane som vaks opp rett utanfor terrassen vår, seier Liv-Randi.
Lind og Lunde trur boka kjem til å passa godt både for osingar, utflytta osingar og innflyttarar.
- Kanskje vil dei ha éi til seg sjølv og éi som dei kan senda til familien for å visa kva fin bygd dei har flytta til? Vi har i alle fall sjølv blitt betre kjent med Os dette året. Vi må seia at bygda verkeleg har mykje å by på, og at heimepublikummet er godt, seier Liv-Randi og Oddmund.
Fotografane stiller sjølv opp til signering både på Notabene på AMFI Os laurdag 28. november og på Libris sundag 13. desember.