Kultur | 22. mai 2012

Strålande festdagar

Onsdag startar Festspillene i Bergen. Til helga blir Oseana den nye festspill-arenaen, truleg med barneframsyning utandørs.

Strålande festdagar
Kulturhusvert Janne Mari Hjelle og arrangementssjef Berit Steen omtrent der dei riggar utescena for klovnane i Circus Los Amigos (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 22. mai 2012 22:37

Ole Bull sin villa på Lysøen har i mange år vore arena for konsertar under Festspillene i Bergen, det er dei også i år, når Arve Tellefsen og Håvard Gimse held konsert dei tre dagane i pinsen.

I år utvidar Festspillene-repertoaret i Os når dei tar i bruk Oseana som ny arena.

- Det gler vi oss veldig til. Det er gøy at Festspillene har valt å legga konsertar her.

- No håper og trur vi at dette er berre starten på noko endå større.

- Ein betre start enn det det ser ut som vi kjem til å få i helga, med tanke på vêret, kan ein vanskeleg ønskja seg, seier arrangmentssjef Berit Steen.

Ungane innviar utescena

Om vêrprognosene slår til (noko dei truleg gjer) vil Steen og resten av gjengen ta den nye utescenen i bruk.

- Den første framsyninga vi har laurdag er Circus Los Amigos, med folka bak Mysteriet i Pepperkakebyen og Kaptein Knurr og Mareminemysteriet.

- Dersom vêret held flyttar vi framsyninga frå Vargasalen i kjellaren til utescenen på terrassen, fortel Steen.

Circus Los Amigos er ein god gamaldags klovneframsyning med dei to klovnane Rosita og Pepito. I det dei skal til å starta sitt vesle sirkusshow finn plutseleg Rosita ein kalender, og oppdagar at Pepito har bursdag!

Kva skal dei gjere? Dei finn presangar til kvarandre, og ut av desse gåvene blir det laga ei sjarmerande lita sirkusframsyning.

Fleirstemt mannssang og vakre trekkspeltonar

I Oseanasalen blir det langvegsfarande gjestar med to konsertar i eitt når det georgiske mannskoret Rustavi og den latviske trekkspelvirtousen Ksenija Sidorova set kvarandre i stevne.

- Dei ti songarane i Rustavi syng fleirstemt som du aldri har høyrt det før.

- Visste du at georgiansk song av denne typen kom på UNESCO si verdsarvliste i 2001, spør Steen litt leiande.

Det heile blir toppa med vakker trekkspeltonar frå den unge og framadstormande Ksenija Sidorova.

- Sidorova skal, ifølgje kritikarane, få det store og hamslege instrumentet til å verka lett og lettbeint som ein dansar, fortel Steen.

Gullrosevinnar i Griegsamlinga

Ragnhild Hemsing (24), som saman med søster Eldbjørg jakta på Ole Bull sine toner i NRK-dokumentaren og Gullrosevinnaren «Ole Bulls tone», kjem saman med pianist Tor Espen Aspaas til Griegsamlinga.

- Ragnhild, har trass sin unge alder bygd seg eit godt renomé. Ho har allereie markert seg som ein allsidig artist med eit breitt reportoar.

- Tor Espen Aspaas er ein av dei mest profilerte og allsidige pianistane i sin generasjon av norske musikere. Aspaas er professor ved Norges Musikkhøyskole, og har vore solist ved ei rekke nasjonale og internasjonale symfoniorkester, seier Steen.

Sør-Amerikanske rytmer

Laurdagen blir avslutta med Venezuelan Brazz Ensemble i storsalen. Det 43 mann store orkesteret som er kjende for å få publikum opp av stolane kjem endeleg tilbake til Noreg.

- Vi toppar heile laurdagen med ein storslått konsert med våre venezuelanske venter.

- Om nokon blir svoltne i løpet av dagen stiller Færingen opp med eigen 4-rettars festspelmeny, seier Steen.

Marius Neset på heimebane

Festspillhelga avsluttar dei med Marius Neset sin «Suite for Seven Mountains» på søndagen.

- Marius har tatt den internasjonale jazzscenen med eit brak.

- Til Oseana kjem han med sin eigen kvartett og sitt eige album, klar for å gje osingane ein smakebete av den store jazzverda, avsluttar arrangementssjef Berit Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.