Lokal | 06. juni 2012

Strafferettsleg tilrekneleg

18-åringen som er sikta for drapet på Hilda Feste er vurdert strafferettsleg tilrekneleg av dei sakkunnige. Saka truleg opp i september.

Strafferettsleg tilrekneleg
Politiadvokat Ørjan Ogne rekna i april med å sende saka til statsadvokaten i løpet av sommaren (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 06. juni 2012 15:45

Det er TV2 som meiner å erfara at konklusjonen frå dei sakkunnige sin rapport er at den sikta 18-åringen ikkje var psykotisk, psykisk utviklingshemma eller bevisstlaus på tidspunktet for dei påklaga hendingane.

Psykiater Leif Erik Rønneberg og psykiatrispesialist Jan Øystein Berle har på vegne av retten vurdert den mentale helsa til den sikta guten.

- Eg har meddelt dette til min klient. Han tek det til etterretning, seier forsvarar Rolf Knudsen til TV2.

Vil vurdera bevisstlausa

Med den konklusjonen er guten vurdert å vera strafferettsleg tilrekneleg, noko som tyder at han kan dømmast til vanleg fengselstraff eller forvaring. Den sakkunnige rapporten skal no vurderast av den rettsmedisinske kommisjonen.

Til TV2 sier forsvararen at dei vil vurdera punktet med bevisstlausa nærare.

- Han kan framleis ikkje hugsa noko frå den aktuelle kvelden, fortalde forsvararen til Midtsiden då klienten hans blei varetektsfengsla for 8 nye veker den 20. april.

18-åringen anka då fengslingskjenninga til lagmannsretten, men denne blei ikkje teken til følge.

Truleg rettssak i september

Nordhordland Tingrett skal førebels ha satt av den siste veka i september til å gjennomføre ei eventuell rettssak.

På fengslingsmøtet i april fortalde politiadvokat Ørjan Ogne at dei så godt som var ferdige med å etterforska saka og at det berre var nokre rapportar frå dei tekniske undersøkingane som sto att i tillegg til den sakkunnige rapporten.

- Eg reknar med at vår innstilling til statsadvokaten vil bli sendt i løpet av sommaren, fortalde politiadvokaten då.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.