Lokal | 17. okt. 2013

Støvlar blei vase

Sånn ser det ut når småbarnaavdelinga til Espira Kuventræ har fokus på gjenbruk.

Støvlar blei vase
Kunstutstillinga til småbornsavdelingane på Espira Kuventræ barnehage (Foto: KMAL)
Kari M. Lyssandtorsdag 17. okt. 2013 14:42

Utanfor Coop Extra på Amfi Os har det dei siste dagane vore ei lita kunstutstilling laga av ungane på småbarnsavdelinga på Espira Kuventræ barnehage. Torsdag blei ungane invitert på bollar og juice av senterleiinga.

Barnehagen har dette året jobba med tema "gje tilbake til nærmiljø", og sidan bedriften er miljøsertifisert ønsker dei å gleda lokalsamfunnet med utstillinga si, som har fokus på gjenbruk.

- Dette kunstprosjektet starta vi med etter sommarferien og vi har brukt ting i barnehagen, som støvlar som er for små, CD-plater og eggekartongar, fortel pedagogisk medarbeidar Marit Råheim.

Nytt liv

Støvlar har blitt til flotte vasar, CD-plater er blitt til dekorative fiskar, medan eggekartonane er klippa opp og blitt til stilige blekksprutar.

- Ungane tykkjer det har vore kjempekjekt, dei har limt, mala og teikna med full iver.

Dei tilsette i barnehagen vil visa borna at ting kan brukast om igjen og at dei kan nyttast på mange moglege måtar.

Invitert på bollar og juice

Espira Kuventræ barnehage kontakta senterleiinga på Amfi Os for å høyra om dei kunne få visa fram utstillinga si.

- Det syntest vi var veldig kjekt, og så ønska vi å invitera borna på boller og saft så dei sjølve fekk sjå utstillinga, fortel senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Rundt 30 spente born kom torsdag på senteret etter ein lang gåtur frå barnehagen.

- Dette er Sommerfuglgruppa som er 2-åringane i småbarnaavdelingane Engkarsen, Blåklokko og Hestehoven, fortel Råheim.

Tretti 2-åringar på senteret kan høyrast kaotisk ut, men då Tøsdal kom med bollar og juice så senka roen seg og borna koste seg med premien frå senterleiinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.