Støttar brannsikringstiltak
Formannskapet vedtok i går å løyva ein halv million til brannsikringstiltak på Lysøen.
Kultursjef Lisbeth Axelsen informerte formannskapet om at det var avdekt ein del feil og manglar ved museet.
– Ei av dei største utfordringane er å få myndigheitene til å sjå kva utfordringar det er med å driva museum på ei øy. Om det skulle byrja å brenna har vi langt større utfordringar enn mange andre museum av denne typen.
Mykje av midlane skal gå til å få på plass ein brannhydrant.
Kulturhistorie
Marie Bruarøy (H) var positiv til å gje tilskot til brannsikringstiltaket.
– Det ville vera ei tragedie om Lysøen brann ned. Det er eit viktig element i vår kulturhistorie. Vi i Frp og Høgre vil støtta tiltaket med 500.000 kroner som skal dekkjast av formannskapet sitt disposisjonfond.
Framlegget frå Bruarøy vart samrøystes vedteke, noko Axelsen gav uttrykk for at ho var svært nøgd med.
Ikkje fast tilskot
Ordførar Terje Søviknes orienterte formannskapet om at han saman med kulturleiinga nyleg har hatt møte med KODE som drifta museet på Lysøen.
– Vi har ikkje planar om å gå inn med nokon form for fast tilskot. Men det er varsla at det kan koma spørsmål på eit seinare tidspunkt om oppgradering av fasilitetane på fastlandssida. Det kan henda ein må til med oppgradering av skyssbåten, mellom anna også for å sikra universell tilkomst, og då må det gjerne gjerast noko arbeid, sa Søviknes.