Stortap til andrelaga
Både Os og Lysekloster sine B-lag tapte stort for kvar sine botnlag i helga.
Laurdag tapte Os 4-1 for Austevoll og Lysekloster 4-1 for Hundvåg, begge på bortebane.
Søndag spelte Os 2 borte mot botnlaget Dale (4. divisjon) og Lysekloster 2 borte mot Erdal, som ligg på 10. plass av 12 lag (5. divisjon).
Begge gjekk på kvar sine store tap, Os 2 tapte 7-2, Lysekloster 2 tapte 9-1.
Dale henta goalgetter
I kampen mellom Dale og Os 2 sto det 1-1 til pause.
Robin Hjertnes, som har kome frå Søre Neset til Os, sørgja for 1-1-målet.
Dale skal ha henta tilbake storskårar Tony Tysnes, som var avgjerande då vertne gjekk opp til 7-1.
Os 2 sitt siste mål blei skåra av Mathias Lund Rød.
– Tynn og ung stall
Lysekloster slit med skadar og sjukdom og stilte med berre fire innbytarar til bortekampen med A-laget laurdag, og to av dei er trenarane Thomas Sandal og Torbjørn Birkelund.
– Det pregar også andrelaget, i tillegg trekte vi som planlagt juniorlaget vårt til sommaren, og ungdomane vi har igjen må også få speletid, seier Ørjan Sandal.
Det sto 3-1 til pause i bortekampen. Fleire frå førstelagsstallen spelte berre 1. omgang.
– Vi har greit med poeng og bruker 5. divisjon som utviklingsarena, så vi tar ikkje tapet så tungt, seier Sandal.
Steffen Bernsen skåra Lysekloster 2 sitt mål.