Sport | 05. mai 2013

Stortap for Stord

Os starta best, hamna under, reduserte, men tapte då dei i dag sleppte inn sine fire første mål for sesongen.

Stortap for Stord
Stord gjekk opp i 0-1-leiing på denne lobben i 11. minutt. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. mai 2013 20:11

Bildeserie:

Trippelsjanse til Os. (Foto: KVB)
Trippelsjanse til Os. (Foto: KVB)
Preben Borgen sitt skot blei slått til corner. (Foto: KVB)
Preben Borgen sitt skot blei slått til corner. (Foto: KVB)
Her fekk Stian Lunde seg ein smell. (Foto: KVB)
Her fekk Stian Lunde seg ein smell. (Foto: KVB)
0-2 til Stord på corner. (Foto: KVB)
0-2 til Stord på corner. (Foto: KVB)
Christer Olsen prøver seg. (Foto: KVB)
Christer Olsen prøver seg. (Foto: KVB)
Preben Borgen åleine med keeper. (Foto: KVB)
Preben Borgen åleine med keeper. (Foto: KVB)
Stian Lunde reduserer til 1-2. (Foto: KVB)
Stian Lunde reduserer til 1-2. (Foto: KVB)
Børge Borgen blei flytta fram på banen, men Os fekk ikkje fleire mål. (Foto: KVB)
Børge Borgen blei flytta fram på banen, men Os fekk ikkje fleire mål. (Foto: KVB)
Men det gjorde Stord. Her blir det 1-3. (Foto: KVB)
Men det gjorde Stord. Her blir det 1-3. (Foto: KVB)
Og så blei 1-4 heada inn på corner 6 minutt før slutt. (Foto: KVB)
Og så blei 1-4 heada inn på corner 6 minutt før slutt. (Foto: KVB)
1 av 10

Os hadde sjanse til å klatra frå 2. til 1. plass på tabellen då dei i fjerde serierunde tok imot Stord på heimebane.

Os starta serien med to sigrar og ein uavgjort og sto med 5-0 i målforskjell før dagens kamp.

Os - Stord: 1-4 (0-2)
Målskårar, Os: Stian Lunde

Store delar av første omgang blei spelt på Stord sin banehalvdel, ikkje så få minutt inne i Stord sin 16-meter.

Men Stord var effektive på kontringar, tok leiinga på ein lobb over keeper (11. minutt) og auka til 0-2 på corner (37. minutt).

– Eg føler vi var heldige som leia 2-0 til pause etter ein jamn omgang med store sjansar til begge lag, seier Stord-trenar Tor Atle Sørheim.

– Os er det beste laget vi har spelt mot til no og det var ein veldig levande kamp. Men vi hadde venta meir trøkk av Os i 2. omgang, legg han til.

– Upresist og pinglete

Også Os-trenaren er ganske nøgd med første omgang.

– Vi var einige i å stå høgt og koma raskt etter, og klarte det delvis. Men mange av innlegga var for dårlege og upresise, og då er det ikkje lett å skåra mål.

Målsjansar var det likevel. Preben Borgen skaut via motspelar mot lengste stolpe, men keeper klaska ballen ut til corner. Preben, som blei kåra til dagens Os-spelar, kom også åleine med keeper, men rakk ikkje ballen før målmannen storma ut og tok både ball og Borgen.

– I andre omgang kjørte vi litt på i starten, men Stord-spelarane var tøffare enn oss i duellane og ein del kvikkare i beina. Det var det vi tapte på i dag, vi blei for pinglete.

Os reduserte til 1-2, men Stord, som sto høgare etter pause, auka til 3-1 (76. minutt) og 4-1 på corner (84. minutt).

Os: Anders Kloven - Stian Bakke (John Ole Johannessen), Børge Borgen, Per Søgnen Merai, Torkel Hjertnes - Tore Valvik, Stian Lunde - Egil Thuen (Ørjan Glesnes), Preben Borgen (Roar Vestbø), Erik Kanestrøm - Christer Olsen.

Møter serieleiar borte i neste runde

Os ligg no på 4. plass på tabellen. Øystese leiar, Stord ligg på 2. plass og Lysekloster på 3. plass.

Neste kamp for Os er på bortebane mot serieleiar Øystese førstkomande torsdag (Kristi himmelfartsdag) klokka 13.

Neste heimekamp går mot Haugesund 2 måndag 13. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.