Lokal | 27. jan. 2012

Stort kokainbeslag i Os

Éin person er pågripen etter at politiet gjorde storfangst under ransaking.

Stort kokainbeslag i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2012 09:39

Torsdag i 20-tida var politiet på ransaking i ein bustad i Os.

– Det blei funne eit større parti av noko vi trur er kokain, seier politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen til Midtsiden.

Ein mann er pågripen og plassert i arrest, sikta for brot på straffelova paragraf 162 2. ledd.

Hadler-Olsen vil ikkje seia meir om storleiken på partiet eller aksjonen.

Kokain blir vurdert på linje med amfetamin når det kjem til alvorsgrad, og for dei to narkotikatypane er 2. ledd gjeldande når det kjem til parti mellom 50 gram og 3 kilo.

Spranget er med andre ord stort. Det er i dette tilfellet snakk om narkotika for verdiar på mellom 25.000 og 1,5 millionar kroner.

– Saker av denne storleiken blir overtatt av politiet i Bergen, fortel Hadler-Olsen.

Sikta blir framstilt for varetekt i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.