Stort engasjement
Om lag 160 vaksne og born deltok i måndagens fakkeltog til støtte for dei private barnehagane.
Under paroler som "Vi krever likhet mellom private og offentlige barnehager", "100% til alle" og "Klarer kommunen seg uten private barnhager?" gjekk om lag 160 born og vaksne frå dei private barnehagane i fakkeltog frå Handlegarden via Kyrkjeflaten til rådhuset.
Vel framme på rådhuset blei dei møtt av varaordførar Marie Bruarøy (H), rådmann Knut Terje Rekve, kommunalsjef Ingvar Torsvik og barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang.
700 underskrifter
Varaordføraren fekk der overlevert rundt 700 underskrifter av innbyggarar som krev likebehandling av dei private og kommunale barnehagane.
- Det er kjekt å sjå eit så stort engasjement, kommenterte kommunaldirektør Ingvar Torsvik då fakkeltoget kom fram til rådhuset.
Bakgrunnen for fakkeltoget er at formannskapet tysdag skal behandla administrasjonen sitt forslag til ny finansieringsmodell for dei private barnehagane.