Sport | 01. juni 2019

Største sigeren i avdelinga

Hattrick av Ekeland og målkalas for Os borte mot Valdres.

Største sigeren i avdelinga
Jubel frå Sogndal 2 kampen heime førre helg, der Os leia, men tapte. I dag blei det meir å jobla over. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. juni 2019 15:30

Os vann i dag 8-0 over Valdres på bortebane.

Valdres har berre tatt 3 poeng etter 7 kampar, men ingen har slått botnlaget så grundig som Os.

– Gutane gjorde ein fantastisk jobb. Vi løpte dei frå kvarandre, hadde god balanse i laget med og utan ball, og skapte mange sjansar både i etablert angrep og på overgangar.

Os måtte klara seg utan Mats Cato Moldskred og andre som har vore skadd ei stund, som Vegard Skeie, Jonas Hovland og Rune Mo. Samtidig hadde dei i dag fått venstreback Harry Moore tilbake.

– Harry klarte seg veldig bra, det var godt å ha han tilbake!

Hattrick av Ekeland

Roger Ekeland skåra hattrick, Fabian Bødtker skåra to, Sander Kvittingen kom innpå og gjorde det same, i tillegg skreiv tre andre seg på skåringslista. Steffen Kvamsdal hadde tre målgjevande pasningar.

– Vi hadde fokus på å halda trøkket oppe, å spela kampen ut. Eg er veldig nøgd med korleis vi gjorde det, både dei som starta og dei som kom innpå, seier Brenne.

Stord sin 8-1-siger over Valdres var den største til no, samtidig tangerte Os Vard Haugesund sin 8-0-siger over Fjøra som mest suverene i avdelinga så langt.

Valdres - Os 0-8 (0-3)
Os: Chris Sunde Midtun - Harry James Moore (Simon Søvik), Torgeir Lunde, Carlos Mendes, Anders Havsgård - Rafael Villen, Marius Mikkelsen (K) (Henrik Sperrevik), Steffen Kvamsdal - Fabian Bødtker, Frode Storebø (Sander Kvittingen) og Roger Ekeland.

Mål:
0-1 Marius Mikkelsen, assist av Rafael Villén (8. min)
0-2 Roger Ekeland, assist av Frode Storebø (11.)
0-3 Fabian Bødtker, assist av Steffen Kvamsdal (17.)
0-4 Roger Ekeland, assist av Mikkelsen (56.)
0-5 Roger Ekeland, assist av Kvamsdal (66.)
0-6 Sander Kvittingen, assist av Kvamsdal (70.)
0-7 Sander Kvittingen, assist av Bødtker (88.)
0-8 Fabian Bødtker, assist av Ekeland (90.)

Troppen reiste til Fagernes i går, for overnatting før kampstart klokka 13. No sit dei om bord hos Osbuss med pizza og håper å rekka heim, eller til ein annan skjerm, så dei får sett champions league-finalen som startar klokka 21.

Også neste kamp for Os går på bortebane, fredag 7. juni står Brann 2 for tur.

Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.