– Største riggen i Oseana
Når Anderson Councils Syndicate kjem til Oseana med si Pink Floyd-hyllest er det med den største scene og lysriggen som har vore i huset.
I desember 2011 vitja dei Oseana for første gong. Vi omtalte konserten som det "heftigaste til no". Når Anderson Councils Syndicate (ACS) kjem tilbake 9. november er det grunn til å tru at det kjem til å bli endå heftigare.
– AVAB CAC har proppa ein semi-trailer full av utstyr.
– Det blir nok den største scene, lys- og lydriggen som nokon gong har vore i Oseana, seier Per Arne Høra, turnéplanleggar og bassist i ACS.
Den påstanden får han stadfesta hjå arrangementssjef Berit Steen hos Oseana.
– Det kan nok sikkert vera rett. Dei to største riggane vi har hatt til no har vore ACS sin då dei var her sist og Riksteateret sin då dei var her med Bikubesong.
Heile albumet
Turneen ACS no legg ut på er ein miniturne med 5 spelestader kor dei vitjar Husnes, Øystese, Sogndal og Årdal i tillegg til Os. Grunnlaget for turneen er 40 år sidan Pink Floyd gav ut det legendariske albumet "Dark Side of the Moon".
– Når vi no kjem tilbake til Oseana så er det fordi vi var så nøgd sist vi var der. Samstundes så må vi gje publikum noko nytt.
– Tuneen er ein hyllest av "Dark Side of the Moon", som vi kjem til å spela i sin heilheit.
– Publikum kjem til å bli satt tilbake i ekte Pink Floyd-ånd, lovar Høra, som fortel at bandet har ei langvarig kjærleik til moderbandet.
Solide koristar
Med seg har ACS fått Elisabeth Moberg, kjend frå Kvinner på randen og Kari Iverland.
– Vi er glade å få med oss to så dyktige kvinner i koret.
– Dei har både lang fartstid i norsk musikkliv. Totalt blir vi 10 personer på scenen, støtta av eit 7 mann stort crew, avsluttar Høra.