Storsiger til Os 2
Lysekloster 2 slo serieleiar Fitjar i 5. divisjon, Os 2 knuste Odda, som før dagens kamp berre hadde sleppt inn fem mål.
Andrelaga til Os og Lysekloster spelte søndag kvar sine heimekampar mot forventa sterk motstand.
Lysekloster 2 tok imot Fitjar, som leia avdelinga i 5. divisjon.
Lysekloster 2 vann 3-1.
Os 2, som speler i divisjonen over, har tapt fleire jamne kampar i det siste, og tok imot eit til i dag ubeseira lag frå Odda, som før dagens kamp berre hadde sleppt inn fem mål.
Os 2 - Odda 7-2 (3-2)
Målskårarar, Os 2: Ørjan Glesnes 2, Isak Røen, Espen Borgen, John Ole Johannessen, Stian Bakke og Adrian Valle.
– Vi visste at Odda var gode og la oss i ein 4-1-4-1-formasjon, med stor fart på topp, noko vi lykkast med, seier Bjørn Mjelva, som leia Os 2 i dagens kamp.
Med Egil Thuen, Isak Røen og Ørjan Glesnes som spiss og kantar blei det farleg for Odda å mista ballen.
2-0 blei til 2-2
1-0 kom på innlegg frå Egil til Isak, som etter skotfinte dribla seg gjennom midtforsvaret og sette ballen i lengste hjørne rundt 10 minutt ut i kampen.
Egil kom på løp på kontring før 2-0-skåringa, sendte ballen til Ørjan, som skåra på første touch i 20. minutt.
Os 2 hadde sjansen til å gå til 3-0 av Glesnes og til 4-0 på innlegg av Glesnes til Thuen, i staden blei det 2-1 og 2-2 på kort tid etter rundt 30 minutt spelt.
Men nytt løp av Thuen førte til straffe og Espen Borgen sette inn 3-2 fem minutt før pause.
Heldt på taktikken i 2. omgang
– Det såg stygt ut då Odda utlikna, og så gode som dei var så trudde eg at ærleg talt at dei no kom til å ta leiinga.
Men sånn gjekk det ikkje. I andre omgang auka Os 2 frå 3-2 til heile 7-2.
– Eg bad gutane halda fram med å bryta og senda ballen ut på kant, og eg ba fleire enkeltspelarar gjera det dei er gode på, seier Mjelva.
Ein av dei som fekk beskjed var høgreback Stian Bakke, som banka inn 6-2-målet frå 25 meter.
– Akkurat som han plar gjera på trening, skryter Bjørn.
Os 2 fekk tre viktige og etterlengta poeng, Odda gjekk på sitt første tap for sesongen.