Storsiger til Lysekloster
To lag som begge rykte opp frå 4. divisjon i haust møttest i Lysefjorden. Det enda 8-0.
Lysekloster tok i dag sin fjerde heimesiger av fire moglege då dei knuste Hundvåg 8-0.
Hundvåg er som Lysekloster ny i 3. divisjon, men i dag var det divisjonsforskjell på dei to.
Lysekloster - Hundvåg 8-0 (4-0)
Målskårarar: Lars Henrik Skage 3, Joakim Hovden 2, Johannes Jordal, Steffen Finsådal og Eirik Musland.
– Vi har kjørt veldig hardt på i mange månadar, men sleppte opp litt nokre dagar før denne kampen.
– Og det slo ut i full blomst, seier dagleg leiar i Lysekloster il, tidlegare hovudtrenar Ørjan Sandal.
Han er svært nøgd med korleis både spelarar og trenarar framsto i dag.
– Vi var enormt gode, og det er ikkje overraskande at Skage puttar tre, for han var skikkeleg i støtet i dag, synest han.
Lysekloster: Kjetil Hansen - Baste Jonassen, Steffen Finsådal, Preben Skorpen, Thomas Greipsland - Frode Buvik, Johannes Jordal, Eirik Musland - Joakim Hovden, Lars Henrik Skage, Kim Kleivedal.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Mathias Høiland og Sigve Rørstad.
Lysekloster klatra med dagens 8-0-siger frå 3. til 1. plass på tabellen, men det er før Øystese og Stord har spelt sine kampar. Stord leia med 4 mål på målforskjell og må ta ein solid siger over Haugesund 2 for å vippa Lysekloster ned igjen på 3. plass etter 8. runde.