Stormande jubel
Elevane ved Kuventræ skule jubla måndag, då dei endeleg kunne ta i bruk den nye kunstgrasbana vegg i vegg med skulen.
Den nedre kunstgrasbana på Kuventræ blir hyppig brukt av elevane på barneskulen ved siden av. Dei siste vekene har det blitt lite med fotballsparking i friminutta då banen har vore under rehabilitering og fått nytt kunstgras.
Måndag hadde dagleg leiar Hans Parnefält invitert elevane til offisiell opning av den "nye" banen.
– Dei er ei stor brukergruppe på dagtid, så vi ville gjera litt ekstra ut av det, fortel Hans.
– Må ta vare på den, saman!
Men heilt uten baktanke var han ikkje.
– Håpet er at elevane kan oppleve det litt som si bane også.
– Og det ein "eig" tek ein vare på.
– Eg oppmoda dei til å ta kontakt med meg eller vaktmeisteren på skulen om dei oppdaga ting som var i ferd med å gå i stykker, og å ferda fint med utstyret som er her.
– Også det å rydda etter oss, i stadet for å berre gå forbi boss vi såg, var vi samde om at vi skulle gjera, smiler den daglege leiaren som for høvet "overrekkinga" hadde tatt på seg nisselua.
– Det er ikkje kvar dag ein får gje ein slik "presang".