Sport | 23. mai 2016

Størkson tok 2. plass i Fløyen Opp

Fire av deltakarane frå Opptur Motbakkeklubb kom på topp 3 i sine klassar.

Størkson tok 2. plass i Fløyen Opp
Andreas Skulstad Størkson, her då han tok 2. plass i Linken Opptur, tok 2. plass i gutar 14-15 år også i Fløyen Opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. mai 2016 09:54

I helga gjekk motbakkeløpet Fløyen Opp av stabelen. Turen frå Bryggen til Fløyen (320 moh) er 3,2 kilometer lang.

Torstein Tengsareid (M23-24) var raskast av alle med tida 13:45. Ketil Monssen frå Bergen Løpeklubb, som tok 2. plass i Linken Opptur, kom på 7. plass med tida 15:18.

Rebecca Louise Hilland frå Bergen Løpeklubb vann kvinneklassen med tida 16:18. Klubbvenninne Anita Lilleskare, som vann Linken Opptur, kom på 4. plass med 17:22.

Sterke resultat av osingar

Andreas Skulstad Størkson, som sprang Linken Opptur på 23.37, var 16. beste uansett klasse og tok 2. plass i klassen gutar 14 til 15 år.

Størkson kom i mål på 17:35 i Fløyen Opp, best av alle frå Os.

Tida ville vore god nok til siger i klassen 40 til 44 år og var betre enn alle kvinnene bortsett frå dei fire beste. Tida var den 24. beste uansett alder i herreklassen.

På 3. plass i same klasse kom klubbkamerat Erik Vaktskjold, også han med ei sterk tid, 17:54.

Vetle Martinsen frå Gneist, som òg vann klassen sin framfor Andreas i Linken Opptur, vann klassen i Fløyen Opp med tida 17:18.

2. plass til Cecilie Hagen

Cecilie Hagen var beste kvinne frå Opptur Motbakkeklubb.

Ho kom i mål på 20:44, godt nok til 2. plass i klassen kvinner 40-44 år.

Britt Skjeie frå Opptur kom på 3. plass i klassen over (45-49) med tida 21:25.

Dei beste resultata til Opptur

Opptur Motbakkeklubb stilte med 13 deltakarar, 12 av dei i konkurranseklassen.

Her er dei beste resultata:

M14-15
2. Andreas Skulstad Størkson 17:35
3. Erik Vaktskjold 17:54
(Vetle Martinsen frå Gneist vann med tida 17:18)

K40-44
2. Cecilie Hagen 20:44
(Målfrid Valdersnes frå Vinmonopolet vann på 20:31)

M40-44
7. Stein-Ove Adriansen 19:33
(Lars Engeli frå Varegg vann på 17:42)

K45-49
3. Britt Skjeie 21:25
(Sophie Kryvi vann på 19:59)

K50-54
4. Gro Anne Lyssand 25:16
(Kristin Husby frå Laksevåg IL vann på 20:06)

Sjå full resultatliste (EQtiming)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.