Næringsliv | 14. aug. 2013

– Store forventingar til Os

Casa Design Bergen flyttar inn på Amfi Os. – Vi har gode inntrykk av senteret, og gler oss til å starta opp midt i september, seier Inge Lende.

– Store forventingar til Os
Casa Design opnar butikk mellom Gullsmed Eide og Asia Mat i eit nybygd lokale som kjem litt ut i fellesarealet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy/Casa Design)
Andris Hamreonsdag 14. aug. 2013 13:41

Enno ein interiørbutikk etablerar seg i Os, når Casa Design Bergen opnar ny butikk i eit nybygd lokale mellom Gullsmed Eide og Asia Mat på Amfi Os 19. september.

– Det å vera fleire interiørbutikkar samla på ein plass har vi berre positive erfaringar med.

– Kundene tek gjerne innom fleire av butikkane før dei handlar. Når butikkane ligg samla så gjer det det enklare for kundane, og vi opplever ein auka handel, fortel Inge Lende i Casa Design.

Frå Black til Casa

Inge Lende og kona har drive interiørbutikkar i Bergen dei siste 10 åra.

– Fram til 1. januar i år var vi eindel av den nasjonale kjeda Black Design Shop.

– Frå nyttår redesigna vi dei fire butikkane vi hadde i Bergen til å bli Casa Design. Utvalet er i same gata som vi hadde då vi var Black Design, men med andre leverandørar og i ein litt lettare og lysare stil, forklarar Lende.

Vil vera rundt Bergen

Den nye kjeda består i dag av fem butikkar, på Oasen, Sartor, Xhibition, Gullgruven og Laksevåg.

– Laksevåg opna vi no i juni. Os kjem i september.

– Samstundes avviklar vi butikken på Oasen, kor det heile starta for 10 år sidan. Dermed står vi att med fem butikkar i og rundt Bergen.

– Vi har eit ønskje om å etablera oss på stadene rundt Bergen. Os fell difor fint inn i den strategien.

I mellomsjiktet

Lende fortel at dei vil ha eit tilbod av små interiør som små møblar, keramikk, glass, bileter, rammer, lys og lignande.

– Vi ønskjer å etablera oss i mellomfeltet mellom det Nille på dei eine sida og dei dyrare konsepta på den andre sida tilbyr.

– Hjå oss skal du få bra kvalitet til greie priser, reklamerar Lende.

– Det er ei tøff bransje, men vi har tru på Os og har den fordelen at vi har fleire butikkar som kan dra veksler på kvarandre.

Søkjer lokalt

Nettopp det å kunne trekkja på dei andre butikkane er noko Lende reknar med han må gjera i oppstarten av butikken på Os.

– Vi søkjer etter folk, fortrinnsvis frå Os, men no i oppstarten så vil nok folk frå dei andre butikkane også hjelpa til, avsluttar Inge Lende.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.