Sport | 17. feb. 2013

Stor støtte frå tribunen

Sverre Lunde Pedersen set stor pris på støtta han fekk frå tribunen under skøyte-VM i Vikingeskipet. – Det var mange kjente ansikt, smiler ungguten.

Stor støtte frå tribunen
Kameratgjengen til Sverre hadde funne plass strategisk på framre rekkje (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 17. feb. 2013 19:37

Mange osingar tok i helga vegen til Hamar og Vikingeskipet for å heia Sverre Lunde Pedersen fram. Etterkvart som Sverre gjekk ned rundetidene på 10.000 meteren steig jubelen.

Nokre av dei som jubla mest var truleg kameratane i Nordre Sving.

Lennart Eide, Jon Sivert Rykkel, Jacob Helland Lassen, Børge Borgen, Adrian Arnesen og Espen Valvik var nokre av dei mange kjente ansikta på tribunen.

– Eg håper det har gjeve meirsmak og at dei har kost seg.

– Det var utruleg kjekt å sjå så mange kjente ansikt, seier Sverre Lunde Pedersen etter at han kom i mål på 10.000-meteren.

Pendla frå Gardermoen

Og kost seg det har dei.

– Det har vore utruleg kjekt. 10.000-meteren til Sverre var topp, synd han ikkje fekk det heilt til på 1500, synast kameratgjengen.

Med sprengt hotellkapasitet på Hamar har gutane måtte pendla mellom Gardermoen og Hamar.

– Vi har budd på Gardermoen. Då vi kom i går var vi litt seint ute, så det var vanskeleg å få skikkeleg plass i Nordre Sving.

- Difor var vi tidleg ute i dag, så vi kunne sikra oss dei framste plassane, fortel kameratgjengen frå Os.

Klarte målet

Sverre gjekk ein god 10.000 meter på tida 13.25.65, noko som heldt til fjerdeplass på distansen. Fjerdeplass blei det òg i VM totalt.

– Eg klarte målsetjinga om topp fem, så eg må vera nøgd, avsluttar Sverre med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.