Lokal | 09. mai 2016

Stor skogbrannfare

Tørt og varmt vårvêr aukar skogbrannfaren. – Ser vi på indeksen for skogbrannfare, så er den raud no, seier Arne Monsen.

Stor skogbrannfare
Varabrannsjef Arne Monsen åtvarar mot høg skogbrannfare (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremåndag 09. mai 2016 15:06

I løpet av dei to siste døgna har det vore tre lyng- og grasbranner i Bergensområdet. Varabrannsjef Arne Monsen fortel at brannfaren er høgst reell også i Os.

– Det er all grunn til å vera varsom når ein ferdast i skog og mark no. Med det tørre og fine vêret vi har no, så er det absolutt fare for skogbrann.

– I skogen ligg det mykje tørt gras og lauv frå i fjor haust, så ver forsiktig, oppfordrar varabrannsjefen.

Monsen støtter seg òg til skogbrannindeksen som meterologane hos Yr utarbeider basert på meterologiske element som nedbør, lufttemperatur og luftfuktigheit. Den syner no ein indeks på 75 for Bergen, noko som tilseier meget stor fare. Over 40 er stor fare.

Vil vurdera godkjende bålplasser

Frå 15. april til 15. september er det i utgangspunktet forbode å tenne bål i skog og utmark, med unntak av på godkjente bålplassar. Om du skal brenna bål i skog eller utmark må ein først søkje godkjenning frå brannsjefen.

– Ein må gjera særskilte vurderingar om det er tilrådeleg å brenne blå no. Uansett så skal ein søkje om det.

– Ein plass det er lettare å få lov er heilt nede i fjeresteinene, kor ein har god avstand til omkringliggande vegetasjon og kor ein får sløkt det skikkelig med rikeleg mengder vatn etterpå.

– Vi har, så vidt eg veit, ikkje særleg med godkjende bålplasser i turterrenget. Dette snakka vi faktisk om på morgonmøte i dag. Vi vil ta ein prat med kultureininga som jobbar med turstiar og slikt for å sjå om det er plasser det går ann å rydda og etablera som godkjende bålplasser, avslutter Monsen.

Kan brenna hageavfall

Det generelle forbodet mot bålbrenning gjeld i skog og utmark, ikkje for hageavfall.

– Du kan brenna hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og andre. Det er ulovleg å brenna søppel og spesialavfall, som til dømes byggmaterialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter, heiter det i retningslinene frå kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.