Kultur | 05. feb. 2016

Stor oppslutning om UKM

Påmeldingsfristen til UKM er gått ut, og ei rekkje osingar skal boltra seg på scenen i Sævareid om vel ei veke.

Stor oppslutning om UKM
Fossegrim gjekk vidare frå UKM i 2015 (Arkivfoto: KVB)
Cathrin Valestrandfredag 05. feb. 2016 12:14

Den årlege kulturfestivalen for ungdom i Os og Fusa vert arrangert søndag 14. februar på ungdomshuset Breidablikk i Sævareid. Arrangørane melder om god respons og mange påmeldte deltakarar.

Stor breidde

Per no er det 14 ulike innslag i sceneprogrammet med god fordeling på musikk, teater og dans. Det vert også film på programmet. Fleire ungdomar både frå Os og Fusa som har meldt seg på til å vera med på arrangørsida, både som konferansierar, medlemer i nettredaksjon, jurymedlemer og ulike praktiske oppgåver.

Aktivt ungdomsråd i Fusa

– Medlemene i ungdomsrådet i Fusa er sterkt involvert i arrangementet, og dette gjer at vi denne gangen har lukkast godt med å få ungdomen til å ta ansvar for gjennomføringa, seier Erik Vangsnes ved kulturkontoret i Fusa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.