Næringsliv | 25. jan. 2014

Stor interesse for Øyro

Kommunestyresalen blei så full at det ikkje var stolar til alle under folkemøtet om framtida til Os sentrum. Her er nokre av spørsmåla og kommentarane til den ferske analysen.

Stor interesse for Øyro
Tor Inge Døsen viste Asplak Viak sin analyse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. jan. 2014 10:31

Bildeserie:

Fredrik Seliussen forklarte. (Foto: KVB)
Fredrik Seliussen forklarte. (Foto: KVB)
Butikkdrivarar, politikarar og huseigarar fylte kommunestyresalen. (Foto: KVB)
Butikkdrivarar, politikarar og huseigarar fylte kommunestyresalen. (Foto: KVB)
Asplan Viak meiner Os bør få orden å gatene og fleire bustadar i høgda.
Asplan Viak meiner Os bør få orden å gatene og fleire bustadar i høgda.
500 nye hus i sentrum dei neste åra. (Foto: KVB)
500 nye hus i sentrum dei neste åra. (Foto: KVB)
– Bustadar først, så kjem dei attraktive næringslokala, sa Haugan. (Foto: KVB)
– Bustadar først, så kjem dei attraktive næringslokala, sa Haugan. (Foto: KVB)
1 av 5

I førre veke blei Stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro, som Asplan Viak har forma på oppdrag frå og finansiert av Hordaland fylkeskommune, presentert for Os formannskap.

Les òg: – Viktigast at noko skjer raskt

Torsdag kveld var det ope møte med presentasjon av analysen for fullsett kommunestyresal. Både huseigarar, folk som bur i sentrum, butikkdrivarar, politikarar og osingar i byggebransjen var på plass.

– Dette var langt over det vi hadde venta, sa prosjektleiar for "Liv på Øyro", Fredrik Seliussen frå Os kommune, om den overfylte salen.

Saman med kollega Tor Inge Døsen, som steppa inn for ordførar Terje Søviknes, gjekk han gjennom rapporten og svarte på spørsmål.

Seliussen og Døsen fekk kanskje ikkje så mange gode innspel eller idear frå salen, tankar som kan fungera som påfyll til moglegheitsanalysen. Men enkelte kommentarar, spørsmål og svar på spørsmål frå gjestane var likevel verdt å lytta til.

I grove trekk

Analysen kjem med hovudpoeng om bustadmengde. Det eit tema både politikarane og huseigarar, ikkje minst rådgjevar og tidlegare representant for Oshjørnet- og BBEI-fondet, Terje Haugan, har hatt fokus på i mange år.

Men rapporten frå Asplan Viak kjem også med noko som er nytt, i form av konklusjonar og idear.

Her er oppsummeringa deira, i grove trekk:

• Osøyro har mangel på bustadar
• Os sentrum har mista mesteparten av kontakten med Oselvo
• Sentrum har inga hovudgate
• Det er ingen forsøk på å leia fotgjengarar i noko retning
• Trafikken blir leia rett i ei rundkjøring, som er det nærmaste vi kjem eit naturleg sentrum i dag

Fleire bustadar – betre næringsgrunnlag

Analysen gjer det kanskje endå meir tydeleg enn før at mengda bustadar i sentrum, og 10 minutt på sykkel frå sentrum, er avgjerande for næringsgrunnlaget.

– Det er i dag 3.100 bustadar i eller nær Os sentrum. Potensialet innan 2030 er å auka til 4.300, sa Seliussen, og viste til analysen.

Døsen viste at vi dei neste åra, om vi reknar med første del av Os Sjøfront (som er realisert), Leigland sitt "Solsio" (som er under bygging) og Hamnevegen, Midtpunkt, Landboden og Livet langs linjo, som er under planlegging, får 500 nye bustadar i eller heilt inntil sentrumskjerna.

Det kom ein kommentar frå salen om ikkje same argument blei brukt før bygginga av Os Sjøfront, med påfølgjande skeptisk merknad om nokon hadde talet på kor mange butikkar som hadde lagt ned etter at det var innflytting i dei til no 86 nye leilegheitane i Os sentrum.

Steinar Bøe frå Instinct svarte at butikken han jobbar i hadde fått mange nye kundar etter at Os Sjøfront blei bygd.

– Dette er faste, gode kundar som bruker sentrum mykje. Det er nok andre osingar som har svikta butikkane som har lagt ned, meiner Bøe.

Park, parkering, høghus og utsikt

Asplan Viak kjem med konkrete forslag til korleis det kan vera lettare både å få system på handel og trafikk i sentrum, og korleis det kan byggast fleire bustadar i sentrumskjerna.

• Analysen foreslår tydelege hovudgater frå gamle brannstasjonen til det gamle bankbygget, der GH Interiør er i dag, og ei anna hovudgate frå torget ut mellom dagens Joker og rådhuset mot gjestebrygga. Brugata og Landboden er teikna som bustadar, parkeringsplassen framfor rådhuset som park, som del av eit grønt drag opp gjennom Kyrkjeflaten til ungdomsskulen.

• Parkering er frå før tenkt løyst under dagens fotballbane ved ungdomsskulen, Asplan Viak foreslår nytt parkeringshus løfta fem meter over Os bussterminal, med rampe opp og moglegheit for å utvida med etasje for etasje etter behov.

• P-hus-bygging over Os terminal er i rapporten tenkt å bli kombinert med litt ny trafikkavvikling rundt terminalen for å erstatta dagens tronge utkjøring ved Lundehjørnet.

Det kom spørsmål om "den berømte fjellhallen" var heilt avskrive som alternativ til parkeringshus.

– Det er teknisk mogleg og økonomisk mogleg. Men avstanden frå fjellhall til sentrumskjerna blir vurdert som for stor, svarte Døsen.

• For å auka mengda hus kan Os kommune regulera for høgare bygg i sentrum, minst 5 etasjar, gjerne meir.

• For å løysa krav om grøntareal kan kommunen senka kravet frå 25 kvm til 15 kvm. I tillegg kan nytt parkareal i sentrum, for eksempel framfor rådhuset, knyttast til bustadane.

– Bustadbyggarar kan "kjøpa seg inn" i parkane gjennom frikjøpsordning tilsvarande bustadprosjekt på Møhlenpris har kjøpt seg inn i Nygårdparken. Det er litt komplisert, men det kan gå, sa Seliussen.

Dette med høgda på husa, og mengda med bygningar i Os sentrum, fekk enkelte i salen til å koma med spørsmål og kommentarar.

"Kva med oss som allereie bur her?" "Er ikkje 5-6 etasjar for høgt når bygga ligg så tett, at det blir inneklemt?" "Har vi ikkje allereie mista nok utsikt?" var blant kommentarane.

Andre i salen tok til motmæle mot dei som er skeptiske.

– Eg er fødd og oppvaksen på Osøyro og det har rakna for Os sentrum for lenge sidan. Skal vi drøyma om romantikk og hindra utvikling så kan vi like gjerne utvida gravplassen heilt ned i sentrum, for utan bustadar, som er vilkår for investeringar i sentrum, så blir det inga utvikling, sa Per Tore Bakketeig.

Jarl Berentsen frå Irisgården AS synest presentasjonen frå Asplan Viak burde vore i 3D, så folk fekk eit visst inntrykk av korleis 5 etasjar vil sjå ut.

Han spurde også kven sitt ansvar det er at Os døyr ut, næringslivet eller kommunen?

– Litt alle sitt, svarte Tor Inge.

Professor Nils Georg Brekke fekk ordet og snakka om identitet, om det å skapa ein eigenart, om å ta vare på handel og handverk i eit levande sentrum.

– Eg vil gje honnør til dykk som inviterer til dette møtet. Men eg er ikkje sikker på om høghus er løysinga, det går an å vera meir kreativ enn det.

– Det er viktig at vi tar vare på identiteten til Os. Det var dei flinke til før, då Os var endestasjon for Osbanen. Handverkarar og tenesteytarar var flinke til å utnytta dette, og eg hugsar ei lysing i avisa, frå ein frisør, med teksten "Bønder frå fjordane bør ikkje reisa ubarbert med toget", fortalde Brekke, og hausta latter og applaus i salen.

– Ta vare på dette, både handel og handverk. Eg trur ikkje det er tilfeldig at to av dei sterkaste bedriftene i Os er nettopp jernvarebedriftene, butikkar med lange handverktradisjonar.

Korleis er grunnforholda?

Blant dei interessante tekniske spørsmåla var særleg eitt frå Otto Walle, som bur i einebustad i Postvegen ved Kyrkjeflaten.

– Då eg bygde basseng sa maskinføraren, etter å ha kome 90 cm ned i bakken, at han ikkje turde å grava meir for han var redd gravemaskina skulle synka ned i evja.

– Veit de noko om grunnforholda i sentrum, kor djupt det er til fjell, om det kanbyggast høge, tunge hus på Osøyro?

– Ja, vi veit ein del om grunnforholda, og ja, det er teknisk mogleg å bygga høge hus, sa Døsen, i rådhuset, som ikkje er ein lettvektar av eit bygg det heller.

– Men det kostar litt. Eg veit ein del om pæling etter bygging av Os Sjøfront. Då dei bygde bygget DNB held til i så skal største djupne ned til fjell ha vore 74 meter.

Kan essoen flyttast?

Frå salen kom det også spørsmål om Esso-stasjonen kan flyttast. Om vedkomande, Roald Stigen, har tenkt å lata det stå igjen litt drivstoff til båtfolket, reknar vi med. Men han lurte på om den flotte tomta ved gjestebrygga kunne fristillast.

– Det kan vi truleg gløyma. I løpet av eit prosjekt eg var involvert i ute i Loddefjord dukka det same spørsmålet opp, men då var det snakk om å flytta ein stasjon 75 meter.

– For det første måtte vi heilt til hovudkontoret i Houston i Texas, for det andre var kravet 75 millionar kroner, pluss ny stasjon. Esso eig tomta og blir nok verande der dei er – så lenge dei vil.

Men Statoil si framtid er kanskje meir uviss. Dei har, ifølgje Døsen, leigeavtale med ein grunneigar frå Bergen, ein avtale som går ut om eit år eller to.

Har kjøpt seg opp i sentrum

Døsen nemnte også at Os kommune har kjøpt fleire eigedomar i Os sentrum i haust, utanom Oshjørnet.

– Vi eig no parkeringsplassen ved Kløvertun, vi eig Kyrkjeflaten, vi eit torget. Eigedomane har vore Opplysningsvesenets fond sine, og det har vore ein lang prosess for Os å få eigarskap til Os, men no har vi kontroll på større delar av sentrum.

Tak, sitjeplassar og trafikk

Kunstnar Arne Mæland fortalde om sitt første møte med Os, den gong det var éin benk på Osøyro, benken utanfor Rosvold.

– Vi treng ein plass å sitja, ein plass der vi kan sitja utan å lura på om vi har sete for lenge i forhold til kva vi har kjøpt, slik det er på kafear.

– Og så treng vi tak, så blir det litt kjekkare dei 300 dagane i året det regnar.

Butikkdrivar Kristin Oma minte på at det ikkje må bli sperra for trafikk, om biltrafikken blir omlegging på.

– Det finnest folk som ikkje kan gå så langt, folk som må kjøra nesten til døra.

Seliussen fortalte at det ikkje var snakk om å laga gågater, men at nokre gater kan bli miljøgater, gater som fører til redusert trafikk.

Kor tid kan det starta?

Møteleiarane peikte tidleg på at delplanen for sentrum, frå 2008, truleg allereie har blitt for gamal, og at det no bør lagast ny.

Seinare i møtet kom det kommentarar frå folk som har sett planar før. Kjem det til å skje noko denne gongen?

Seliussen kunne fortelja at det er andre enn osingane som har fått med seg at det skjer noko i Os, og at gode planar er eit essensielt verktøy når interessentar tar kontakt for å høyra kva som skjer vidare.

– Det kan koma store investorar om planane er gode nok, når dei veit kva dei kan få til på Os. Og då snakkar vi ikkje om dei som kjem med 50 millionar kroner og vil kjøpa noko, det kan bli mykje meir omfattande, sa Døsen.

Ny E39 mellom Os og Bergen, som er venta å bli vedtatt i Stortinget i februar og som kan få oppstart i mai i år, blei også nemnt. Det same blei Lyseparken, som kan bli næringsareal for 250 bedrifter med til saman over 4000 arbeidsplassar.

– Eg synest det er viktig at vi forstår at analysen frå Asplan Viak er eit verktøy for oss i den vidare prosessen. Det er for tidleg å diskutera etasjar, no handlar det om å bruka og kasta det som er bra og som ikkje fell i like god jord, sa Aina Tjosås frå byggesaksavdelinga i Os kommune.

På spørsmål om kor raskt det kan skje noko var svaret at planprosessen truleg ville ta to år, for så eventuell byggestart på for eksempel eit parkeringshus tidlegast året etter.

– I mellomtida kan det bli utført mindre grep for å gjera det koseleg på Osøyro. Sjølv har eg eit ønskje om å lagamidlertidig parkeringshus i den gamle brannstasjonen, og å laga eit 150 meter langt sildabord på brygga utanfor Os Sjøfront 21. juni.

– Prikken over i-en ville vore å få Statsraad Lehmkuhl, som no har fått styreleiar frå Os, til kai denne dagen. Eg har ikkje peiling på om vi får det til, men det hadde vore kjekt, sa Tor Inge Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.