Politi | 17. aug. 2021

Stoppa MC-førarar på uopna fylkesveg

Éin er meldt for køyring utan førarkort, fire for køyring mot forbodsskilt.

Stoppa MC-førarar på uopna fylkesveg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 17. aug. 2021 08:43

Fem MC-førarar blei kontrollert av politiet i 20.30-tida måndag kveld.

– Fire fekk forenkla forelegg for køyring mot forbodsskilt, éin er meldt for køyring utan gyldig førarkort, opplyset politioverbetjent Atle Birkeland.

Alle er i 20-åra, nokre frå vår kommune, nokre frå nabokommunar.

Kontrollen skjedde i Åsen på Lyseklostervegen.

– Så vidt eg veit er einaste forbodsskilt i dette området forbod for andre enn anleggstrafikk å køyra inn på den nye fylkesvegen mellom Endelausmarka og Åsen, så det kan sjå ut som om dei har vore og testa ny fylkesveg utan løyve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.