Lokal | 21. aug. 2014

Stoppa buss for å henta passasjer

To patruljar rykte ut då det kom melding om valdeleg mann i Os sentrum.

Stoppa buss for å henta passasjer
Ein mann som var utagerande i Os sentrum blei i dag henta ut av ein buss ved Idrettsvegen. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. aug. 2014 13:22

Torsdag fekk politiet melding om valdeleg mann i Os sentrum.

– Ingen skal ha blitt skadd, men vedkomande skal ha kasta ting rundt seg og oppført seg veldig aggressivt, fortel politoverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Vitne hadde sett at vedkomande gjekk om bord på ein buss på veg mot Bergen.

Politiet rykte ut med to patruljar og stoppa bussen ved Idrettsvegen.

– Vedkomande, ein mann i slutten av 20-åra, blei henta ut av bussen og sit no i avhøyr, opplyser politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.