Stopp i Holt
Holtbrekka er skrapt for asfalt og blir stengt ei stund framover.
Fleire kommunale vegar i Os får denne hausten ny asfalt. Enkelte stadar, som Holtbrekka, blir arbeidet utført i samband med skifte av vatn- og avlaupsleidningar.
I utgangspunktet har Holtbrekka vore stengt for trafikk frå veke 34 til januar 2014, men arbeidet har hatt ein litt roleg start.
– No kjem prosjektet i gang for fullt, så Holtbrekka blir stengt ei stund framover, seier prosjektingeniør Siril Langhelle i Os kommune.
Arbeidet skal utførast i tre etappar:
• Krysset Holtbrekka/Holt til krysset Holtbrekka/Kuvenbakken
• Krysset Holtbrekka/Holt til Os Næringspark
• Os Næringspark til Byvegen (ettermiddag-/nattarbeid)
Det blir skilta kva område som er sperra.
Omkjøring i perioden er om Kuvenbakken.
Vasstenging vil kunna skje i korte periodar, og blir særskilt varsla.