Stødig kamp mot Åsane
– Vi har hatt fokus på det defensive, og det lykkast vi med, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
Laurdag kveld spelte Lysekloster sin første treningskamp for vinteren. Dette var også første gong Hetlevik leia dei kvite og blå i kamp.
Motstandar var Åsane, to divisjonar over nivået Lysekloster skal spela denne sesongen.
Lysekloster rysta Åsane i NM i fjor, og leia 3-0 før gjestane byrja å skåra.
Åsane - Lysekloster 1-0 (1-0)
Lysekloster (3-4-3): Chris Sunde Midthun - Thorvald Trætteberg, Kapinga Brazy, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Martin Pedersen - Vladan Radojkic, Joakim Helland - Espen Birkeland, Håkon Moldekleiv og Ole Thomas Herrem.
Innbytarar med speletid: Øvredal, Østervold, Kvittingen, Sandvik, Gaustad, Farnes, Sivertsen og Føyen.
Baste Jonassen og Sigve Rørstad er skadd og var ikkje med i troppen.
– Vi hadde plan om å ligga lågt og å øva på etablert forsvar mot god motstand, og det gjennomførte vi veldig bra. Åsane hadde ballen mykje, men vi to dei kontringane vi fekk sjanse på.
– Framover på banen har vi litt å gå på, men no i januar har vi konsentrert oss mest om det defensive. Nærmast skåring var Kristoffer Østervold på eit par innlegg, og ein som hadde eit skot frå 12-13 meter.
– Åsane sitt mål kom på ein litt irriterande måte for vår del, der vi var sein med å koma oss i posisjon etter at dei hadde hatt frispark, og dei fekk spelt seg gjennom. Elles synest eg ikkje det var noko særleg forskjell på laga, verken i tempo eller struktur.
• Les òg: Har booka mykje motstand
Lysekloster speler også neste treningskamp i Vestlandshallen. Den går mot Vard Haugesund søndag om ei veke (kl 14.15).