– Stødig av Stian
... men Os klarte ikkje å ta med seg poeng heim frå Stord.
Søndag kveld spelte Os borte mot serieleiar Stord.
– Eg synest vi gjorde ein god bortekamp mot ein sterk motstandar, og kaptein Stian Lunde leverte årsbeste i midtforsvaret, seier Tore Nielsen.
– Gledeleg var det også at Ramo Racic, som har vore ute med skade heile sesongen, fekk seg femten minutt og ikkje var så langt frå skåring.
Stord – Os 2-0 (2-0)
Måla kom ifølgje Nielsen i ein kort periode der Os ikkje var heilt på.
– Innsatsen og gløden var der, og vi styrte periodar av kampen og klarte å skapa ein del. Men rundt 20 minutt ut i kampen var vi ikkje heilt på, og då kom dei i overtal på kant, la inn og sette ballen i nota.
Os: Anders Kloven - Håvard Grøteide, Stian Lunde, Børge Borgen, Torkel Hjertnes - Mats Lepsøe, Håkon Kvittingen, Glenn Krossøy, Stian Bakke, Roar Vestbø - Christer Olsen.
Innbytarar med speletid: Ramo Racic, Ørjan Glesnes og John Ole Johannessen.
Os speler neste kamp på heimebane mot Øystese førstkomande laurdag klokka 14. Bortekampen enda med 4-2-siger til Øystese.