Sto i Hjellemarka med skiltlesar
Vegvesenet hadde kontroll i Hjellemarka.
Statens vegvesen hadde torsdag kontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka.
– Vi hadde med kamera for skiltgjenkjenning. Registreringsskilt blir lese, og vi får varsel på bilar som har utestående krav eller manglar, fortel Bjarne Otterlei.
Utstyret førte til at 5 bilar blei vinka inn. 3 av dei var begjært avregistrert på grunn av ikkje utført periodisk køyretøykontroll innan fristen.
Desse blei avregistrert på staden.
To andre var begjært avregistrert på grunn av manglande omregistrering. Desse klarte å ordna opp i forholda før kontrollen var ferdig, og fekk halda på skilta sine.
Fire gebyr
Ved sidan av avskiltinga blei det skrive ut fire gebyr.
– To av dei var beltegebyr, i tillegg var det eitt for førarkort og eitt gebyr for ikkje-forskriftsmessig plassering av kjennemerke.
Det blei også tatt teknisk kontroll på 14 køyretøy, 4 av desse fekk mangellapp.