Stjernekritikk til Marius Neset
«Sensasjonelt frå Neset» skriv BT og gjev den nyaste plata «Snowmelt» terningkast 6.
Saman med London Sinfonietta gav osingen Marius Neset (31) fredag ut plata «Snowmelt», ei plate kor Neset er komponist på dei tre verka for jazzgruppe og orkester som utgjer plata.
– Det er snakk om gjennomkomponert musikk med innslag av kortare, improviserte seksjonar der Neset og kvartetten hans dreg på tokt og speler opp mot Sinfonietta-ensemble. Det heile er flott orkestrert av Neset som syner imponerande sans for dei enkelte instrumentgruppane sine moglegheiter og særpreg, skriv Peter Larsen i BT i si melding av plata, som han gjev terningkast 6.
Med seg på planta har Neset, i tillegg til London Sinfonietta, dei faste samarbeidspartnerane Ivo Neame (klaver), Petter Eldh (bass) og Anton Eger (trommer).
Tre i eitt
John Fordham i The Guardian kaller komposisjonane for gripande orkesterpartitur med ei jazz-kjerne og samanliknar detaljane i plata med artistar som Stravinsky og Mahler.
Fordham gjev plata tre av fem stjerner og seier dei tre verkene på plata følast som tre album pakka i eitt, noko som gjer at verka ikkje blomstrer heilt.
Neset, som er busatt i København, blir omtala som ein av notidas, og framtidas, mest spennande saksofonister. Med spelemannspris, fleire jazzprisar og nominasjon til Nordisk Råds Musikkpris har Neset synt at han allereie har befesta sin posisjon på jazzhimmelen.