Kultur | 19. juli 2015

Stilte sterkt på Sommeråpent

Bildeserie og video: Det blei mindre regn enn venta - og god stemning på brygga då NRK sendte frå Os laurdag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. juli 2015 09:24

Bildeserie:

Sommeråpent i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

John Lepsøy og Hallgeir Bjørnevik. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Jostein Røttingen var ein av fleire som stilte med oselvar. Sommeråpent i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sølvi Bugge blei intervjua om Hamnesjefen. Sommeråpent i Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vi på brygga måtte nøya oss med å sjå Eirik på skjermen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

The Main Level hadde også mykje fans på brygga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

John på rotur med NRK fekk også sagt kva han synest om plastbåtar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

1 av 21

Meldingar om ekstreme nedbørsmengder skremte ikkje osingane frå å møta opp for å bli del av Sommeråpent, som laurdag kveld sendte direkte frå brygga ved Os Sjøfront og Oseana.

– Det har i grunn vore ei spennande veke og ein spennande dag. Eg ramsa opp mykje forskjellig då dei spurde meg om tips til tema og folk, og eg har forstått det sånn at dei justerte ein del på planane nesten heilt fram mot sending, fortel ordførar Terje Søviknes.

Sjå bildeserie frå Sommerbåten MS Sjøkurs sin ankomst laurdag i 14-tida.

Resultatet blei fokus på oselvar og rosemåling, der Søviknes på spørsmål om han sjølv har eit eksemplar av nasjonalbåten parerte med at det gjekk litt tid før han i det heile tatt fekk seg Os-bunad, men at han også er glad i, og eig, ein fin trebåt. Bunaden, som han fekk til opninga av Oseana i juni 2011, hadde han naturlegvis på seg i går.

Hamnesjefen møtte saman med resten av familien og svømte langs brygga mens Sølvi Bugge blei intervjua om posisjonen knoppsvanehannen har fått i Os hamn, og alt han har vore med på.

Viste båten - og naboen

Oselvaren kom vi innom seinare på kvelden, både i form av intervju med båtbyggar Hallgeir Bjørnevik og med rotur med John Lepsøy (les òg: Fekk torsk på 12 kilo rett utanfor stovedøra).

John, som bur i hamna, møtte tilfeldigvis på NRK tidlegare på dagen.

– Dei såg etter eit intervjuobjekt, dei ville prata med ei dame. Eg sendte dei opp til Herborg Jentoft Sunde, og ho tok seg jo veldig godt ut på skjermen, synest John.

Sjølv spøkte han med oselvar-kollega Hallgeir før sending.

– Du har vel sminke på deg du. Eg sleppte, eg, sa han og smilte lurt.

Eirik på storskjerm,The Main Level på altanen

Frå studio om bord i båten fekk vi på brygga og dei som sat heime sett intervjua på storskjerm.

Basketstjerna Karamo Jawara (24) frå Bergen, tidlegare programleiar på TV2, Siri Lill Mannes, og musikarane Eirik Søfteland og The Main Level var blant intervjuobjekta.

Også då Eirik, som i haust skal på NRK med Stjernekamp, skulle synga, måtte vi på brygga nøya oss med å sjå det på skjerm. Sceneriggen NRK hadde løfta på land blei ikkje brukt.

The Main Level, som tydelegvis også hadde mykje fans blant publikum, spelte frå ein privat altan i 2. etasje på Os Sjøfront.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.