Lokal | 04. des. 2013

Sterkare vind torsdag

Onsdag kveld har det vore sludd og liten kuling i Os. Torsdag ettermiddag er det meldt full storm.

Sterkare vind torsdag
Os hamn i ein stille periode i 22.30-tida onsdag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. des. 2013 22:46

Onsdag kveld kom den kraftige vinden som var meldt, men med stille periodar mellom kuling-kasta.

Midtsiden har snakka med både brannvesenet og teknisk vakt i Os kommune. Ingen av dei kan melda om problem som følgje av vinden.

BA.no melder om uvêr i fjellet og forseinkingar på Flesland.

I 8-9-tida torsdag skal vinden auka igjen, opp sterk kuling først, så litt rolegare midt på dagen for å blåsa opp igjen til opptil full storm styrke i 16-tida.

Det er full flo klokka 12.12 i Os i morgon.

Sjå detaljert varsel Storm vs Yr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.