Helse | 05. mai 2024

Sterk nok til å stå i jobb

Å trena vekk vondtar.

Sterk nok til å stå i jobb
Fysioterapeut og PT Torill Bakke er fast spaltist i Midtsiden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 05. mai 2024 07:41

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening.

Visste du at muskel- skjelettlidelsar toppar sjukmeldingsstatistikken her i Norge? I tillegg er andelen sjukemeldte i Norge høgt samanlikna med andre europiske land.

Kva kan så vi gjera sjølv for å redusera desse tala?

Å trena vekk vondtar

Når muskel- og skjelettlidingar toppar sjukemeldingsstatisitikken, er det meir vanleg enn uvanleg å kjenna på ein vond rygg, nokre vonde skuldre, eller smertefulle hofter og kne i løpet av livet.

Det positive er at vi sjølv kan gjera ein innsats for å forebygga desse plagene - eller for å gjera det betre, om du allereie slit med problematikken.

Trening og rørsle er i utgangspunktet svært positivt ved muskel- og skjelettsmerter. Sterk muskulatur er meir robust, og toler meir før smertene kjem.

Med rett trening kan du over tid både redusera, og i nokre tilfelle, trena smertene vekk.

Her er det grunnleggande med eit treningsprogram tilpassa deg og din problematikk. Eit treningsprogram som kan endrast undervegs etter din respons på treninga. Her kan det vera svært gunstig for eit godt resultat med oppfølging av personar med god fagkompetanse på området.

Kombiner treninga med nok kvardagsaktivitet, eit godt kosthald og eit sterkt hode så gjer du mykje godt for deg sjølv og eiga helse.

Aktivitetsanbefalingane

Har du høyrt om Helsedirektoratet sine aktivitetsanbefalingar? Desse anbefalingane er grundig forskningsbasert, og vi veit at vi får ei betre helse av å følga desse.

Trass dette, er det berre 20 prosent av oss som følgjer desse anbefalingane.

Heile 80 prosent av oss har eit klart forbetringspotensiale når det kjem til trening og fysisk aktivitet.

Både samfunnsøkonomisk og individretta er det mykje å henta på å få oss nordmenn meir i rørsle.

Kor mykje må til?

Det positive her er at det ikkje er så mykje som skal til for å oppfylla anbefalingane.

Vaksne bør vera i moderat fysisk aktivitet i 150-300 minutt i løpet av veka, eller 75-150 minutt i hard/moderat aktivitet.

Du bør i tillegg gå minst 10.000 steg dagleg. Altså, her er mykje gjort på to treningsøkter i veka og dagleg god kvardagsaktivitet.

Myten om den aktive nordmannen. Kor aktiv er du?

Anbefalingane er heilt overkommelig i ein travel kvardag og helsa vår må vi utvilsomt prioritera inn kvardagen.

Tenk for eit flott forbetringspotensiale vi har her! Tren deg til ei betre helse!

Kan du forventa å alltid vera motivert for å trena?

Nei, er det korte svaret her. Det er heilt normalt at motivasjonen vår sviktar. Det er derfor du ikkje skal la motivasjonen styra treningskontinuiteten din, det blir for ustabilt.

Du skal du ta riktige val ut i frå gode vanar og innarbeidde rutiner uavhengig av ein svingande motivasjonsfaktor.

I tillegg til trening, kosthald og eit sterkt hovud må vi ikkje gløyma kor viktig gode relasjoner, god søvn og positiv eigentid også er for å ha ei god helse.

Sjølvomsorg, det å ivareta seg sjølv er aldri egoistisk. Det er grunnleggande for at du skal ha det godt og sjølv og der igjen ha overskot til å gi noko til dei andre rundt deg.

Torill Bakke
Fysioterapeut og personleg trenar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.