Sterk avslutting på vårsesongen
Serieleiar Fana hadde berre eitt tap frå før. «Til gjengjeld» hadde Os begge toppskårarane på ferie.
Etter 1-0-siger heime mot Sotra førre helg, der Vy Nguyen sikra sigeren med ein corner rett i mål på overtid, runda damene til Os av vårsesongen borte mot Fana i går.
Tre av dei eldste, inkludert dei to som skårar mest i avdelinga, var på kvar sine utanlandsturar då kampen blei spelt.
Men resten av laget klarte seg veldig fint utan Agathe Lekven, Andrine Brunvatne Kvittingen og Vy Nguyen.
– Dette var både gøy og imponerande! Resten av laget sto verkeleg fram, spelte fin fotball, sendte oss i leiinga og vann kampen, seier trenar Ørjan Sandal.
Fana - Os 1-2 (0-2)
Målskårarar, Os: Frida Stephanie Gomez Alfheim og Lenea Hjelle Fløysand
Kampfakta på fotball.no
– Eg er glad det var så varmt i går, for eg trur dei unge damene på Os er flinkare enn mange til å henta fram ekstra med krefter.
Os står med 4-3-4 etter 11 kampar denne våren.
Dermed landa dei på 7. plass av 11 lag. Andrine (10 mål) og Vy (8) landa på 1. og 2. plass på toppskårarlista.
– Topp 5 forsvinn til hausten i eiga pulje for å kjempa om opprykk. Vi får ingen nye motstandarar inn, men skal kjempa mot dei andre sju i dobbel serie, fortel Sandal.
Os er med andre ord 3. beste av dei siste 7. Dei to svakaste i haust rykker ned.
Laga tar delvis med seg poenga til haustsesongen, ut frå rangeringa, der nedste lag får null poeng, nest nedste får 1 poeng og så vidare. Dermed startar Os hausten med 5 poeng.
- Tabell og terminliste, vårsesongen, på fotball.no