Sterk 7. plass i NM
Fredrik Winsents klatra 50 plassar frå førre NM-deltaking og tok ein sterk 7. plass i skate-NM.
Skatetalentet får Os deltok sist i NM i 2008 kor han enda på 57. plass. Under årets NM som gjekk av stabelen på Jordal i Oslo viste Fredrik Winsents kva som bur i han. Etter å ha direkte kvalifisert seg til semifinalen gjennom konkurranse i Fysak i Bergen kjempa han seg til finalen laurdag.
– Eg er ganske nøgd, seier ein beskjeden Fredrik Winsents.
Blei overraska
Laurdagens semifinalen blei flytta til Bekkestua arena grunna regn og dårleg vêr.
– Eg blei overraska over at eg gjekk vidare til finalen, for eg tykkjer ikkje eg nytta hallen godt nok, men eg landa no eit par bra triks, fortel ungguten på veg heim over fjellet.
Dommarane ser på skaterane sin flyt i skatinga, korleis dei utnyttar dei forskjellige elementa i parken og kva vanskegrad dei har på triksa.
Godt 2. run
Som ein av 15 skaterar fekk Fredrik, i strålande sol og framfor omlag 1500 tilskodarar, testa ut den nybygde skateparken på Jordal.
– 1. runet starta eg med å falle. Det gjorde at eg ikkje rakk å gjera så mange triks.
– I det 2. runet gjekk det mykje betre. Då fekk eg gjort fleire gode triks, fortel Fredrik.
Tøff konkurranse
Skate-NM går i fleire disiplinar. Bowl, Street og Vert. Fredrik konkurrerte i Street for juniorar.
– Det var eit utruleg høgt nivå her, fortalde vinnar i seniorklassa, Herman Stene, til NRK etter konkurransa.
– Eg trur nesten vi som sat på sidelina var meir nervøs enn skaterane. Eg er imponert over det høge nivået, spesielt blant juiorane, skyt mor May-Liss Wiik inn frå sidelina.
Snart klar med filmar
Fredrik har den siste tida filma tok skatefilmar. Den eine med Leon Wivegh frå Lepsøy, den andre med mentor Are Aasvang på Team Session.
– Eg reknar med at dei vil vera klare i september/oktober, avsluttar Fredrik Winsents.