Stengte vegar og vatn i kjellar
Både brannvesenet og teknisk vakt fekk litt å henga fingrane i fredag ettermiddag.
Fredag ettermiddag blei prega av store nedbørsmengder.
– Det var mykje vatn mens det sto på, men heldigvis letta det ut på kvelden, seier brannsjeg Stein Gjøsund.
I tillegg til å bistå med pumping av vatn på Bjørnefjorden Gjestetun var brannvesenet på oppdrag i ein einebustad i Finnebrekka.
– Det hadde kome ein del vatn ned i kjellaren. Sprengt kapasitet i eit rør for overvatn var nok årsaka.
Over og under brua
Teknisk vakt i Os kommune, Johannes Håkonsund, fortel om tette rister og stengt veg.
– Vi hadde problem med overvatn i Landboden, der det fossa mykje vatn over brua frå aust og inn i ein garasje.
I tillegg sendte kommunen folk til Øvredal.
– Det kom melding om at Øvredalsvatnet fossa ut i vegen. Vi sendte inn folk, men då hadde vatnet trekt seg ned igjen.
Stengt veg
Ole Bulls veg over Søvikåsen blei stengt grunna rasfare fredag.
Os kommunen vurderer å opna vegen igjen laurdag kveld.