Stengt i dag òg?
I går førte stenging av Ulvensletta til lange køar rundt Lepsøykrysset. Også i dag er skal Ulvenvegen stengast, men førebels er vegen open.
Fylkesveg 160, Ulvevegen, er stengt mellom krysset ved Ulven leir og Vaksinen flyplass.
Stenginga førte i går til lange køar ved Lepsøykrysset, der det er omkjøring.
Fleire bilførarar kontakta Midtsiden og reagerte på at det ikkje var dirigering på staden.
Bussar slepp nemleg forbi, berre delar av vegen er fysisk stengt av arbeidet.
Verken politi eller presse var varsla om stenginga. Etter melding frå Midtsiden rykte politiet laurdag ettermiddag ut til Ulvensletta for å undersøka planane til dei som jobba på staden, men då hadde dei tatt middag og opna vegen.
Årsaka er arbeid med ein vassleidning under vegen, vegen var stengt delar av laurdag og skal også vera stengt i dag.
OPPDATERT: Men førebels er Ulvensletta open.
Det er uvisst om og kor lenge vegen skal stengast og om det blir dirigering på staden i dag.