Stengjer dørene
– Det er ingen dramatikk, men ei tilpassing til korleis dei besøkande nyttar oss, seier Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg om vinterstenging måndagar og tysdager.
Frå og med neste veke vil dørene på Oseana vera stengde måndager og tysdager for ordinære besøkande. Stenginga gjeld òg restauranten.
– Det at vi har litt forskjellig opningstid på sommaren og vinteren er heilt naturleg og ingen dramatikk i, men ei tilpassing til korleis huset blir brukt.
– Vi har tidlegare hatt stengd på måndager på vinteren, men utvidar dette til no også å gjelda tysdager, forklarar Ole Tobias Lindeberg, direktør ved Oseana Kunst og kulursenter.
Ope når det trengs
Oseanadirektøren presiserar at drifta ved senteret går som normalt.
– Vi ser at det er mindre aktivitet av "drop-in"-gjestar desse dagene. Samtidig er vi ein liten stab, som jobbar mykje mellomanna i helgane og på kveldstid. Difor justerar vi oss etter når publikum kjem.
– Samtidig er det viktig å presisera at om vi har arrangement, som bygdekino førstkommande måndag, så held vi sjølvsagt ope.
– Det gjeld òg om det kjem større lunsjbestillingar, eller om det er bedrifter eller andre som vil arrangera møter eller tilsvarande.
– Dei andre dagane i veka har vi ope som normalt, også i helgene når folk har fri, så det er berre å stikka innom for ei vitjing i kunstsamlinga eller for å kjøpa billettar til nokre av arrangementa som kjem utover hausten, reklamerer Lindeberg.